Eit offentleg inkluderande fellesskap

Føremålsparagrafane må tuftast på at alle er ulike, men likeverdige. Kvar må respekterast som menneske med sine ressursar og sin bakgrunn, skriv innsendaren.

Grunnloven sin paragraf 2 er på ny på dagsordenen. Sameleis føremålsparagrafane i skule og barnehage. Skal me endeleg få eit grunnlag for samfunnet vårt som inkluderar alle og likestiller innbyggjarane med den bakgrunn og ulikskapar dei har?
 
Det er ei viktig avgjerd som skal takast fordi det handlar om verdsetjing av menneske. For kvar person er det viktig å ha ein likeverdig plass i det fellesskapet som alle høyrer til:
Staten, kommunen, dei offentlege institusjonane.
 
Difor bør grunnloven uttrykkje dette: Alle innbyggjarane er likeverdige
menneske uansett kjønn, rase, religion/livssyn, sosial bakgrunn.
 
Alle har same rett til barnehage og skule. Desse offentlege møteplassane må ha eit konfesjonsfritt grunnlag. Grunnlaget må tydeleggjera at kvar einskild er verdfull og har sin rettmessige plass med sin identitet og bakgrunn. Difor må føremålsparagrafane tuftast på at alle er ulike, men likeverdige. Kvar må respekterast som menneske med sine ressursar og sin bakgrunn. Ingen religion, livssyn eller politisk parti må velgjast ut framfor andre i eit slikt føremål.
 
Innhaldet må spegle det mangfaldet og den rikdomen ulike menneske til saman representerer. Med eit slikt grunnlag, vil fleire kjenne seg heime og respekterte, og slikt veit ein utløyser læring og personleg utvikling. Det vil også gje betre vilkår for å øve toleranse. Det vil auke kunnskap og forståing når det offentlege rom satsar på dialog mellom ulike. Å vera
ulike vert naturleg, viktig og positivt.
 
Ved å seia at grunnlov og føremål skal byggje på allmennetiske eller felles etiske verdiar, uttrykkjer me at alle har etiske verdiar. Me har dei viktigaste verdiane felles i dei fleste religionar og livssyn: Den gylne regel, Gjensidighetsprinsippet, "gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg". Menneskerettane er dessutan overordna og vedtekne på tvers av
kultur og religion/livssyn.
 
Eg trur eit grunnlag i tråd med menneskerettane, er avgjerande for å auke
gjensidig respekt mellom menneske og såleis fred både i små og større samanhengar.