Den mislukka omskoleringa

For sytti år sidan ville nazistane omskolere norske studentar til «glødande nasjonalsosialistar». Slik gjekk det ikkje.

Det er natt til 28. november 1943. Fire unge menn bryt seg inn i aulaen til Universitetet i Oslo, heller parafin ut over scena og tenner på. Like etter varslar dei brannvesenet, slik at skadane ikkje blir store.

Svein Wilhelm Bruun, Aksel Nordstrøm, Reidar Østli og Kjell Larsgaard starta brannen. Dei tre sistnemnde var involvert i den illegale avisa London-Nytt, der Petter Moen, som tok initiativ til aksjonen, var redaktør. Han omkom under ein fangetransport til Tyskland i 1944, og han fortalde aldri noko om bakgrunnen. Kan hende var det ein protest mot konsertane som Filharmonien heldt for tyske soldatar i aulaen kvar søndag. Det vart sett på som kulturelt samarbeid med okkupasjonsmakta.

 

1200 arresterte

To dagar etter brannen blir universitetet stengt, og rundt 1200 studentar arrestert. Reichkommisar Josef Terboven hadde oppfatta brannstiftinga som ein provokasjon.

Arrestasjonane var starten på eit eige kapittel i den norske okkupasjonshistoria. Eit kapittel om nazistane sin famøse plan om å velje ut dei mest germanske unge intellektuelle og omvende dei til den rette ideologi og tenkjemåte.

Ein av dei som vart arrestert og sendt til fangeleir i Tyskland, var Elling Kvamme. Kvamme, som seinare vart professor i medisin, er i dag 95 år og ein av få av desse studentane som framleis lever. Han hugsar godt kor han var då tyskarane aksjonerte 30. november.

– Eg var på Rikshospitalet, vi skulle ha såkalla «klinikk» i nevrologi, under leiing av professor Georg Monrad Krohn. Vi hadde fått tildelt pasientar som vi skulle undersøke klinisk, og stille ein diagnose. På veg inn fekk eg ein lapp i handa.

 

Forsida på ei tysk vervingsbrosjyre, «Veier til germansk skjebnefellesskap». Førelesningane til studentane gjekk føre seg i hovudbygninga i bakgrunnen. FOTO: ROUBY/DREYERFORLA

Åtvaring

Lappen varsla ein storstilt aksjon mot studentane. «Fra ledende NS-hold er det opplyst at samtlige studenter skal arresteres og føres til konsentrasjonsleir i Tyskland», stod det. Aksjonen skulle gå føre seg same dag. «Forlat straks lesesaler, institutter og klinikker og gå i dekning».

– Eg gjekk inn til professoren, viste han lappen, og spurte om det ikkje ville vere fornuftig å avlyse klinikken. Det avviste han. Vi vart sette i gang med undersøkingane, men det gjekk ikkje lenge før tyskarane hedde trengt inn i auditoriet. Universitetslærarane og dei kvinnelege studentane fekk forlate lokalet, vi andre vart førte til universitetet, fortel Kvamme.

Dei rundt 1200 arresterte studentane vart frakta til ein leir i Stavern, der dei mellom anna vart avhørt om sine haldningar til «den nye tid». 650 av dei vart sleppte fri i løpet av dei komande vekene, resten sendt til Tyskland. Første gruppe på 291 studentar vart i desember 1943 sendt til Sennheim i det franske landskapet Alsace som var blitt annektert av Tyskland.

 

«Særfangar»

Kvamme sjølv var med i ei gruppe på 354 som vart sendt til Buchenwald i januar 1944.

Buchenwald-leiren låg åtte kilometer frå Weimar, om lag midt i dagens Tyskland.

– I starten vart vi handsama som vanlege fangar. Buchenwald var ein forferdeleg leir, og det fekk vi kjenne på. Men etter ei tid fekk vi status som «særfangar» og vart isolert i ei eiga brakke med ein luftegard med piggtråd rundt. Vi slapp å arbeide som dei andre fangane, og fekk i staden undervisning i nazistisk ideologi, fortel Kvamme.

– Korleis opplevde du desse forsøka på å overtyde dykk om at den nazistiske ideologien var den rette?

– Eg opplevde det som latterleg. Heilt latterleg. Det einaste positive eg kan hugse frå desse førelesingane, var då ein av lærarane hadde med seg ein grammofon og spelte klassisk musikk.

 

Fann dagbok frå leiren

Ein av dei andre studentane som hamna i Buchenwald, var Thor Holm. Son til Tor, Ingar Holm, kom nyleg ut med ei bok om dei norske studentane som var i tysk fangenskap 1943–1945, «De motvillige germanerne». Boka har han skrive i samarbeid med Elling Kvamme.

Det var likevel ei anna lita bok som gav startskotet til prosjektet.

– Far min døde i 2005. Han fortalde lite om korleis han hadde det då han «sat i Tyskland». Då mor gjekk bort nokre år seinare, og vi skulle rydde leilegheita, fann eg ein liten 7. sans som låg bak dei andre bøkene i ei bokhylle. Det viste seg å vere dagboka hans frå tida i Tyskland, fortel Ingar Holm.

For Holm, som sjølv er pensjonert historikar med lang fartstid frå forlagsbransjen, vart dette starten på eit omfattande arbeid med å kartleggje og beskrive kva som faktisk skjedde dei dramatiske dagane i november 1943 og i tida etter.

 

Dramatisk aksjon

Å stengje heile universitetet og arrestere 1200 studentar var ein dramatisk aksjon som vekte reaksjonar også utanfor Noregs grenser. Mellom anna kom det skarpe protestar frå Sverige.

– Kvifor gjorde tyskarane dette?

– Rektor Didrik Arup Seip var avsett og fengsla i 1941, og ein ny rektor med NS-bakgrunn var innsett. Sjølv om fleirtalet av dei vel 4200 studentane var relativt passive i motstandsarbeidet, var ei gryande misnøye og motstand på gang, seier Holm.

Fleire studentar deltok i illegalt pressearbeid, og hausten 1943 hadde det tilspissa seg etter ein konflikt om opptakskriteria til medisinstudiet. Departementet ville gje NS-medlemer fortrinnsrett, og ein protest enda med at 10 tilsette og 63 studentar vart arresterte av statspolitiet.

– Dette førte til ytterlegare protestar, og brannstiftinga i slutten av november fekk det til å renne over for Terboven, seier Holm.

– Kor overraskande kom den store aksjonen?

– Den kom som lyn frå klår himmel. Det hadde gått rykte om at noko kunne skje, og på morgonen 30. november vart det spreidd ei åtvaring i form av lappar slik den Elling Kvamme fekk. Likevel møtte dei fleste studentane opp, fortel Holm.

– I ettertid kan vi nok sjå at mange av dei var nokså naive. Dei opplevde ikkje seg sjølve som ein del av krigen, og når dei vart rådde til å gå i dekning, visste dei ikkje kva det betydde. Fleire gjekk ut av universitetslokala, men stod på gata utanfor og såg på kva som gjekk føre seg. Heilt til dei sjølve vart arrestert, seier Holm.

 

Eit eksperiment

I Sennheim i Alsace hadde Waffen-SS etablert Ausbildungslager St. Andreas, ein utdanningsleir for «germanske frivillige» frå fleire nasjonar. Han som skulle ha ansvaret for dei norske, oberststormführer Joachim Wilde, la ikkje skjul på kva som var draumen; eit eksperiment, eineståande og storslege i verdshistoria: å vekkje dei norske studentane til å bli glødande tilhengjarar av nasjonalsosialismen ved hjelp av ideologisk skolering. Studentane skulle undervisast av glimrande professorar frå Tysklands beste universitet. Når perioden var over, skulle dei ta sin rettmessige plass i framtidas Stor-Germania.

– Fordelen med dette var at studentane fekk betre vilkår enn mange av dei andre i fangenskap i Tyskland. Dei fekk betre mat og meir frie taumar, men dei var likevel fangar, og mange av dei fekk både sjå på nært hald og sjølve oppleve nazistane sin brutalitet, seier Ingar Holm.

Då krigen var over, hadde 17 av dei norske studentane døydd i sjukdom. Dei andre kom seg velberga heim, men trass i at mange av dei hadde hatt eit mildare fangeopphald enn andre krigsfangar, hadde opplevingane sett sine spor.

– Mange hadde sett mykje fælt og var prega av det, men mange syntest det «vesle» dei hadde opplevd, ikkje var noko å snakke om etter krigen. Difor var det lite dei fortalde, også min far. Det er likevel ikkje tvil om at dei hadde vore utsett for store påkjenningar. Det dei hadde vore vitne til i Buchenwald til dømes, var ikkje råd å gløyme, seier Ingar Holm.

 

 

Kjelder:

Ingar Holm: De motvillige germanerne. Dreyer forlag 2013.

Anders Nordstoga: Studenter i nazistenes vold. Artikkel på nettsida til UiO - Museum for universitets- og vitenskapshistorie.

Elling Kvamme: Fangestudenter. Erindringer/artikkel på nettsida til UiO - Museum for universitets- og vitenskapshistorie.