Skoleelevar demonstrerte i Wien

Elevane er misnøgde med korona-tiltaka til utdanningsminister Heinz Faßmann (ÖVP).

Publisert

Skolekoleungdom samla seg klokka 14.30 mandag i ein demonstrasjon utafor kontoret til utdanningsministeren. Det er avisa Der Standard som skriv dette.

– 140 000 austerikske barn har ikkje tilgang til lap-tops. Dei blir hengande etter i undervisninga under koronaepidemien, sa 19 år gamle Lena Schilling under demonstrasjonen.

Ho representerer Ungdomsrådet, som vart stifta i 2020, og som er ein av arrangørane for demontrasjonen.

– Kvar tredje elev treng meir hjelp enn dei får for å kunne henge med i undervisninga under pandemien, sa Schilling.

Demonstrantane meiner utdanningsminister Fassman må redusere læringstrykket i skolen under pandemien. Dei skuldar han også for å ikkje gjere nok for å sikre godt smittevern i skolane.

Skolane I Austerike er nå i ferd med å opne fysisk, etter ein periode med stengte skolar.

Powered by Labrador CMS