Annonse
Debatt

Nyleg kom meldinga om at det var løysing i forhandlingane i kommunesektoren, ei positiv nyhet. Vi klikka oss spent inn for å sjå kva som var løysinga på vår arbeidstid, og vart sitjande måpande igjen med spørsmålet, kva skjedde, skriv Kari Holmøy, hovudtillitsvalgt i Utdanningsforbundet Stavanger. Ill. foto: Paal Svendsen

Arbeidstidsavtala for barnehagelærarane, kva skjedde?

Vi er skuffa! Skuffa over at KS ikkje vil gje barna rundt om i Norge like forutsetningar for kvalitet i sin barnehage. Vi er skuffa over at KS ikkje vil anerkjenne den viktige jobben barnehagelærarane gjere for barna i barnehagane.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Overskriftene har vore mange og varierte dei siste månedane når det gjeld barnehagelærarane si arbeidstid. Her er eit utval:

«Vi vil sjå barnet ditt.»

«Utdanning startar i barnehagen.»

«Er ikkje barna våre verdt det?»

«Gje meg tid til å gjere jobben min for barna i barnehagen.»

«Stolt barnehagelærar har klar beskjed til KS»

 

Eit tydeleg bodskap har vore formidla til KS, kvalitet for barna i barnehagen er viktig og er avhengig av at læraren må planlegge arbeidet sitt og gjere for- og etterarbeid. 

Nyleg kom meldinga om at det var løysing i forhandlingane i kommunesektoren, ei positiv nyhet. Vi klikka oss spent inn for å sjå kva som var løysinga på vår arbeidstid, og vart sitjande måpande igjen med spørsmålet, kva skjedde?

Kun dei som set rundt forhandlingsbordet veit svaret på dette. Svart på kvitt står det at der er ingen endringar i sjølve avtaleteksten, den avtaleteksten som i dag gjev dei aller fleste barnehagelærarane kun fire timar med tid til å gjere sitt arbeid ift lov- og avtaleverk. Avtaleteksten har vore den same sidan 70-talet. Barnehagen og samfunnsoppgåvene denne skal gjere har vore i ei omfattande, viktig og god utvikling gjennom dei siste åra.

Ein protokoll, eit tillegg til avtaleteksten, var det som kom ut av hovudtarifforhandlingane 2018 når det gjeld arbeidstid. Ein protokoll som, etter vår meining, egentleg seier det same som det som allereie står i avtala. Vil denne protokollen utgjere ein forskjell for nokon? Det gjenstår sjølvsagt å sjå, men som du sikkert har forstått, vi har ikkje heilt trua på det.

 

Vi er skuffa!

Skuffa over at KS ikkje vil gje barna rundt om i Norge like forutsetningar for kvalitet i sin barnehage. Vi er skuffa over at KS ikkje vil anerkjenne den viktige jobben barnehagelærarane gjere for barna i barnehagane. Kva gjere vi så med denne skuffelsen, puttar vi den i ei «skuff», og seier «ja ja»? Meinar vi at protokollen kan gje betre forutsetningar for å få til ei betre arbeidstid? Står vi opp for kampen for at planleggingstida vår skal aukast og kome barnehagebarna til gode?

Uansett kva meining du står for, er ein ting veldig viktig for oss som er medlemmar av Utdanningsforbundet: bruk stemmeretten din til å seie ja eller nei til resultatet av forhandlingane. Det gjere du i uravstemninga som Utdanningsforbundet sender ut om ikkje så altfor lengje. Det er viktig at alle stemmene kjem fram i diskusjonen fram mot uravstemminga, og at DU nyttar stemmeretten din. Lykke til!

 

  • Kari Holmøy er hovudtillitsvalgt i Utdanningsforbundet Stavanger

 

 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________