Danmarks regjering vil kutte i løyvingar til privatskolar

Dei offentlege løyvingane til danske privatskolar blir redusert frå 76 prosent av totalkostnadane til 71 prosent, om regjeringa får viljen sin.

Dette vil kutte løyvingane med 300 millionar danske kroner, skriv avisa Jyllandsposten.

I går la den danske regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett. Der er dette eitt av framlegga, skriv avisa.

Det var den førre danske regjeringa som systematisk bygde opp tilskota til dei private skolane frå 71 i 2014 til prosent til 76 prosent i år.

Ifølgje Jyllandsposten meiner opposisjonspartiet Liberal Alliance at det ikkje er fleirtal for endringa, som motstandarane meiner vil føre til større eigenbetaling, sparking av lærarar og stenging av privatskolar.

Powered by Labrador CMS