Danske lærarstudentar treng både meir teori og meir praksis, meiner utval.

Framleis fireårig grunnskole-lærarutdanning i Danmark

Danske lærarstudentar må lære meir i studietida, som framleis skal vere på fire år.

Publisert

Det er blant råda den danske utdannings- og forskningsministeren Jesper Petersen har fått frå gruppa han sette ned i fjor. Gruppa har hatt representantar frå styremaktene, lærarutdanninga, Danmarks Lærerforening og lærarstudentanes organisasjon.

Meir ambisiøs

Gruppa meiner lærarutdanninga må bli meir ambisiøs og fagleg krevjande. Studentane må få meir undervisning i løpet av studietida. Kor mye seier ikkje gruppa noe om. Men dei vil ha bort dei mange detaljerte kompetansemåla, som i somme fag kan vere så mange som seksti. I staden tilrår gruppa meir overordna mål.

Lengre og betre praksis

Samstundes må det bli meir og betre praksisundervisning. Gruppa seier heller ikkje noe om kor mye praksis bør auke, frå dei 18 vekene som er praksistida i dag. Men praksisperiodane må bli betre integrert i den teoretiske undervisninga. For å markere endringa bør omgrepet «praksisskole» bli erstatta med «utdanningsskole».

Trass råda om meir ambisiøs undervisning diskuterer ikkje gruppa å gjere studietida lenger.

200 millionar

Meir undervisning, integrert praksis vil i seg sjølv koste. Gruppa tilrår dessutan auka etterutdanning. Kva dette vil koste har gruppa ikkje gjort overslag over. Men ifølgje Folkeskolen har Danske Professionshøjskoler tidlegare meldt at dette vil gjere utdanninga 200 millionar kroner dyrare i året. Utdanningsminister Jesper Petersen har sagt at han er villig til å leite etter pengar.

Powered by Labrador CMS