Knapt fleirtal i Stavanger formannskap for å kutte i tilskotet i barnehagar som var i streik

Men mindretalet ankar fleirtalsvedtaket til Statforvaltaren. Spørsmålet om kutt eller ikkje kutt i tilskota er framleis ikkje avklart.

Publisert Sist oppdatert

Formannskapet i Stavanger kommune vedtok i dag med ti mot ni røyster at dei 13 private barnehagane som var ramma av streik, ikkje skal få fullt offentleg tilskot for streiketida.

Vedtaket betyr at det barnehagane sparte i lønnsutgifter under streiken, skal bli trekt frå det offentlege tilskotet til barnehagane. Kommunen må gå inn og sjekke kostnadsnedgangen i lønnsutbetalingane under streiken for kvar einskild av dei 13 barnehagane og ut frå det gjere vedtak om trekk for kvar barnehage.

Anke

Mindretalet i formannskapet har anka vedtaket til Statsforvaltaren. Det tyder at Statsforvaltaren skal vurdere om vedtaket er lovleg. Etter Kommunelova kan eit vedtak i eit kommunalt organ bli prøvd for lovlegheit om minst tre medlem i organet krev det.

John Petter Hernes frå Høgre reiste i debatten forslag til vedtak på vegne av sitt eige parti, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti om ikkje å gå til avkorting. Argumentet var at einsidig og med tilbakeverkande kraft å bryte inngåtte, langsiktige avtalar ikkje er ønskeleg. Representantane frå Venstre støtta dette. Det gjorde og ein av dei seks representantane frå Folkets parti.

Handlingsrom

Vedtaket fleirtalet gjekk inn for, er gjort ut frå ei vurdering av at lovverket har handlingsrom for å gjere slike avkortingar. Det er vist til dei generelle reglane om barnehagetilskot i barnehagelova. Her heiter det at tilskot skal gå til barnehagedrift. Men barnehagar som har vore i streik, har ikkje hatt eit tilbod i tråd med intensjonar og reglar i barnehagelova.

Eirik Faret Sakariassen (SV) er er leiar for Utval for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune.

– Private Barnehagars Landsforbund seier dette er eit forsøk på politisk innblanding i ein avslutta politisk konflikt. Kva seier du til det?

– Vi meiner at dette er lovhjemla. Barnehagane skal levere eit barnehagetilbod for barnehagetilskota. Gjer dei ikkje det, blir tilskota regulert.

– Fleire, blant anna din partifelle Sunniva Holmås Eidsvoll, byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo, meiner lovgrunnlaget for å gjere som de gjer, er uklart. Kvifor er du sikker?

– Vedtaket bygger på kommunaldirektørens tilråding, og eg meiner det er eit rett vedtak.

Prinsipielt viktig

– Kva om barnehageeigarane tar saka til retten?

– Nå har som sagt mindretalet i kommunestyret anka vedtaket til Statsforvaltaren. Dei einskilde barnehagane kan også anke dit, seier Sakariassen.

– Det betyr at ein eventuell rettssak vil kome etter at Statforvaltaren, truleg i samråd med departementet, har gjort seg opp ei meining. Om Statsforvaltaren er av same oppfatting som fleirtalet i formannskapet, har vi ei sterk sak. Og det vil uansett vere ei prinsipielt viktig sak, avsluttar Eirik Faret Sakariassen.

Powered by Labrador CMS