Stor auke av menn på barnehagelærarstudiet

Uvanleg mange mannlege studentar starta på barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i haust.

Blant dei 40 studentane som starta på heiltidsutdanning barnehagelærar ved høgskulen i haust, er 15 menn, skriv Sogn Avis. 

Blant studentane som går eitt og to år føre i same utdanning er det berre fire eller fem menn, ifølgje Hege Fimreite, instituttleiar for lærarutdanning og idrett.
Fimreite seier det er fleire av mennene som har starta på utdanninga i haust som har studert før.

– Mange er godt opp i 20-åra. Det er ikkje berre 19-åringar som kjem rett frå vidaregåande skule.

 

Powered by Labrador CMS