Mykje radon i barnehage

Ein barnehage i Stokke i Vestfold har nesten fem gangar meir radongass enn styresmaktene si maksimumsgrense.

Radon er den nest vanlegaste årsaka til lungekreft.

Målinga av radonmengda i Olaløkka barnehage i Stokke synte eit radonnivå på 956 becquerel per kubikkmeter; høgt over maksimumsgrensa til Statens strålevern på 200. No har kommunen fått pålegg om å få radonverdiane ned til eit akseptabelt nivå innan 1. april, skriv Tønsbergs Blad.

Radon er ein radioaktiv gass som ein reknar med fører til rundt 300 dødsfall i året. Etter røyking er radon den mest vanlege årsaka til lungekreft. Senioringeniør Jørn Svinsholt i miljøretta helsevern i Vestfold opplyser til avisa at å opphalde seg i eit rom med radonnivå på rundt 1000 becquerel per kubikkmeter svarar til å røykje mellom 10 og 20 sigarettar om dagen.