Arkivfoto: Utdanning

Regjeringa vil ha norm for antall barn per vaksen i barnehagen

Regjeringa vil innføre ei norm for kor mange barn det bør vere per vaksen i barnehagen, og vil sende forslag ut til høyring til våren.

Samstundes styrker regjeringa arbeidet mot mobbing og vil bruke nærare 400 millionar kroner på kvalitet i barnehagen i 2017, ifølgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Regjeringa bygger kunnskapssamfunnet. Dette arbeidet startar allereie i barnehagen. Derfor fører vi vidare satsinga på trygge barnehageplassar av høg kvalitet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.

I 2015 hadde dei ti prosentane av barnehagane med færrast tilsette fleire enn 6,7 barn per årsverk, medan dei ti prosentane barnehagane med flest tilsette hadde færre enn 5,1 barn per årsverk. Regjeringa varsla å innføre ei norm innan i 2020 i Sundvolden-erklæringa.

– Nå følger vi opp dette. Det skal ikkje vere tilfeldig om barnet ditt går i ein barnehage med høg eller låg bemanning. Med ei norm for bemanning vil vi jamne ut forskjellar i kvalitet, seier Røe Isaksen.

Powered by Labrador CMS