Ill.

Stor auke i antall barn med autisme:
4 av 10 lærarar seier dei ikkje kan nok for å følgje dei opp

– Manglande kompetanse kan føre til åtferdsvanskar eller skulevegring, seier forskar.

Publisert Sist oppdatert

Talet på barn og unge som får autismediagnose, har auka kraftig dei siste åra. Blant jenter er det flest nye tilfelle i gruppa 16–19 år. Der har andelen firedobla seg sidan 2010. For gutar er flest nye tilfelle i alderen 0–11 år.

I 2022 hadde 1 prosent av gutane mellom 6 og 11 år diagnosen.

Veerle Garrels, professor i spesialpedagogikk ved OsloMet – storbyuniversitetet, peikar på fleire moglege forklaringar.

– Ein hypotese er at det har skjedd ei reell auke i førekomsten av autismespekterforstyrringar. Truleg på grunn av faktorar vi enno ikkje forstår fullt ut – som genetikk, epigenetikk eller påverknader i fosterlivet, til dømes miljøgifter.

Ei anna viktig forklaring er auka kunnskap og medvit i samfunnet. Vi har vorte flinkare til å oppdage autisme, og diagnosen omfattar i dag eit breiare spekter.

– Dermed vert fleire barn identifiserte og utgreidde tidlegare. Vi ser òg ein auke blant barn med ikkje-vestleg bakgrunn. Der verkar tilstandane ofte meir alvorlege, med utviklingshemming og fråvær av funksjonelt talespråk, forklarer Garrels.

Manglande kompetanse

Forskarane veit enno ikkje sikkert kva som forårsakar auken, eller kvifor det finst demografiske forskjellar. Lærarane står imidlertid midt i utviklinga.

Veerle Garrels, professor i spesialpedagogikk ved OsloMet.

– Lærarane sin kompetanse er heilt avgjerande, seier Garrels.

Elevar med autisme kjenner ofte på meir «grunnstress» i skulekvardagen, og dei har utfordringar med å filtrere sanseinntrykk.

– Viss læraren ikkje veit korleis ein skal leggje til rette for sensoriske utfordringar, kan det forverre situasjonen. Manglande kompetanse kan òg føre til åtferdsvanskar eller skulevegring.

Sensoriske utfordringar – auka eller redusert kjensle for inntrykk som lyd, lys for inntrykk som lyd, lys, lukt og berøring – er vanlege blant autistar. Der dei fleste av oss prioriterer viktig informasjon som læraren si stemme, kan mange autistar oppleve alle lydar som like sterke.

Ei fersk undersøking utført av Opinion for Utdanningsnytt og Samarbeidsdesken, viser at:

Undersøking blant lærarar:

  • Åtte av ti lærarar har undervist elevar med autisme.
  • 43 prosent seier dei manglar kompetanse i korleis dei skal leggje til rette for elevar med autisme.
  • 512 lærarar på 1.-10. trinn har svart på spørjeundersøkinga.
  • Ho er gjennomført av Opinion på oppdrag frå Utdanning og Samarbeidsdesken.

NRK, Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkende journalistikk, Utdanningsnytt og Kommunal Rapport deltek i dette prosjektet.

  • Åtte av ti lærarar har undervist elevar med autisme.
  • Berre 36 prosent meiner elevane får god nok tilrettelegging.
  • 43 prosent seier dei manglar kompetanse i korleis dei skal leggje til rette for dei.

Marte Oline Vågnes Dalmo (31) er ungdomsskolelærar og autist. Og kjenner seg igjen i statistikken. 

– Eg hadde éi førelesing om autisme i lærarutdanninga. Det er ikkje rart lærarar kjenner seg usikre.

Sjølv fekk ho diagnosen først i vaksen alder. I dag tek ho ein master i spesialpedagogikk, og ønsker å vere den læraren ho sjølv sakna. 

Kan få alvorlege konsekvensar

Marte meiner spesialpedagogikk burde vere obligatorisk i all lærarutdanning. Ho trur lærarar gjerne vil gjere meir for autistiske elevar.

Marte Oline Vågnes Dalmo (31) er lærar og autist.

– Ingen mister nattesøvnen over norskdidaktikk, men dei gjer det når dei tenkjer på elevar som slit. Det gjer vondt når ein ikkje kan gje dei det dei treng. Då byrjar ein fort å tvile på seg sjølv. Systemet sviktar ikkje berre elevane, det sviktar òg dei vaksne som prøver å hjelpe.

Om lag 43 prosent av barn og unge med autisme har hatt fråværsproblem, ifølgje ei norsk studie frå 2017. Manglande tilrettelegging er ein risikofaktor for alvorleg fråvær. Berre to av ti vaksne autistar er i ordinært arbeid. Å ikkje lukkast med tilrettelegging kan få alvorlege konsekvensar.

– Det handlar om liv og helse, seier Marte.

Ei svensk studie frå 2016 viser at gjennomsnittleg levealder for autistar er 54 år.  Sjølvmordsraten er sju gonger høgare enn i befolkninga elles.

Ho meiner det er avgjerande at skulesystemet lyttar til erfaringane til autistar.

– Når nokon trekkjer seg unna, handlar det ikkje nødvendigvis om latskap. Ein må lære seg å sjå bak åtferda, og det er det mange lærarar som ikkje har nok kompetanse i.

Tilrettelegging bør ikkje handle om å presse barn til å bli som alle andre:

– Fokus burde vere på trivsel, ikkje på å gjere autistar mest mogleg «normale». Skulen må vere fleksibel, møte autistar der dei er og gjere det trygt å vere annleis, meiner ho.

Vil ha autismekunnskap inn i pensum

Ruth Gravdal, leiar i Autismeforeininga, meiner at trass i at alle barna har dei same rettane, er det store lokale skilnader på om dei faktisk får det dei har krav på.

– Det er utan tvil ein samanheng mellom kommuneøkonomien og det tilbodet elevane får, seier ho.

Ho peikar òg på at det generelt er for lite kunnskap blant dei tilsette i skulen.

– Difor jobbar vi for å få autismekunnskap inn på pensum i høgare utdanning for fleire yrkesgrupper.

Gravdal meiner at dagens lærarutdanning legg altfor lite vekt på spesialpedagogikk og på korleis lærarar skal møte elevar med utfordringar, som til dømes autisme.

Ruth Gravdal, leiar i Autismeforeininga.

– Lærarane som vert utdanna i dag er fagleg sterke, men mange forstår ikkje elevane, og det er ofte grunnen til at dei ikkje blir verande i yrket, seier ho.

Gravdal er sjølv utdanna lærar.

– Dei strevar med det sosiale samspelet, både med medelevar og vaksne, og treng målretta støtte og opplæring for å styrkje den sosiale kompetansen sin. Slike metodar finst, men dersom lærarane aldri lærer om dei i utdanninga, står vi overfor eit stort problem.

Fleire tek vidareutdanning

Det har ikkje lukkast å kartleggje kor mange timar ein vanleg lærarstudent får om autisme. Men Utdanningsdirektoratet skriv i ein e-post:

– Gjennom Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis samarbeider 17 universitet og høgskular med praksisfeltet for å styrkje lærarutdanninga. Målet er å gjere nye lærarar betre førebudde.

Kompetanseløftet er ei nasjonal satsing frå regjeringa for å styrkje det spesialpedagogiske tilbodet. Presseansvarleg i Utdanningsdirektoratet, Doris Amland, skriv at kommunane no satsar på vidareutdanning.

– Det er ein stor auke i prioritering og deltaking i vidareutdanning i spesialpedagogikk. I år har Udir godkjent over 1400 søknader frå lærarar.

Må øve på sosiale ferdigheiter

Professor Veerle Garrels understrekar at autistiske elevar må få medverke i eigen skulekvardag. Når læraren er usikker, har ho eit tips:

– Som med alle elevar: Snakk med dei. Kva bryr dei seg om? Korleis kan ein bruke særinteresser i undervisninga? Kva fungerer, og kva er vanskeleg? Samtalene bør helst skje side om side, ikkje ansikt til ansikt – det reduserer belastninga frå augekontakt og kroppsspråk.

Ho rår også til å støtte sosiale ferdigheiter på ein skånsam måte – til dømes med enkle og trygge aktivitetar.

– Mange av desse elevane slit med einsemd og treng hjelp til å utvikle venskap. Det krev kunnskap om korleis ein balanserer sosial stimulans og inkluderer medelevane.

Skulen må tenkje langsiktig, meiner ho.

– Vi må førebu elevane på vaksenlivet – korleis ein oppfører seg i lunsjpausar, på møter eller julebord, og korleis ein regulerer stressnivået sitt. Dei treng eksplisitt opplæring i dette.

Powered by Labrador CMS