Osterøy-rektor fekk arbeidsmiljøpris

Dei tilsette på Osterøy vidaregåande skule omtaler rektor Magne Espelid som sprudlande, medmenneskeleg, inkluderande, humoristisk og med smittande entusiasme.

– Dette er veldig kjekt. Eg føler meg veldig takknemleg, ganske rørt og audmjuk for at vi nådde heilt opp i konkurranse med mange gode kandidatar, seier Espelid til Bygdanytt.

Torsdag 17. september fekk han overrekt Arbeidsmiljøprisen 2015 under den fylkeskommunale arbeidsmiljødagen i Hordaland. 14 andre var nominerte.
Magne Espelid vert hylla for måten han leiar skulen sin på. Av personalet vert han omtalt som «ein lagspelar av dei sjeldne». Rektoren fortel at han har mange gode kollegaer rundt seg.

– Eg merka då eg begynte her i 2012 at det er ei kraft og godheit i personalgruppa som gjer det lett for meg å gjere min jobb. Mange av tilbakemeldingane eg får frå tidlegare elevar går på måten dei er blitt møtt og varetatt på. Det synest eg er fint å få tilbakemelding på, seier Espelid til avisa.
Osterøy-rektoren er opptatt av at alle må vere rause og ta vare på kvarandre – og det gjeld både elevar og tilsette. I nominasjonen frå dei tilsette ved skulen vert det mellom anna nemnt at Osterøy vidaregåande skule i 2014 hadde det lågaste sjukefråveret i fylket.