Foto: Torkjell Trædal
– Elevar ville klare seg betre viss dei vart underviste i å lytte
Lytting er ikkje det same som å høyre etter, men ein sentral læringskompetanse, slår ei fersk dansk ph.d.-avhandling fast.
Det skriv folkeskolen.dk
– For vår lytteevne blir påverka av rom, tid, kroppar,
artefaktar og mange andre forhold, forklarer Lene Illum, lektor og ph.d. ved UC
Syd.
Ho meiner skulen bør undervise elevar i
lyttestrategiar.
– Effektive lyttarar er generelt meir suksessfulle i skulen.
Likevel peiker forskinga også på at lytteinstruksjonar fyller svært lite i
undervisninga, og at det ofte er uklart for elevane kvifor og korleis dei skal
lytte i undervisninga, seier Illum.
Illum har skrive avhandlinga «Jeg kan godt skimmehøre –
Multimodal lytting i et dialogisk perspektiv. En kvalitativ undersøkelse av
hvordan elever gjør lytting i danskundervisningen». Her kjem det fram at lytting er noko som utviklar seg
naturleg hos barnet, utan særskilt undervisning. Men ho meiner vi må hjelpe
elevane til å bli betre lyttarar, og korleis.
I ein undervisningskontekst er det stor forskjell på
lytteformål, avhengig av om elevane skal lytte til læraren sitt faglege
innlegg, instruksjonar, delta i ein litteratursamtale eller inngå i
gruppearbeid.
– Derfor vil det gi veldig god meining viss læraren av og
til tydeleggjer kva lytteformål og lyttehandlingar han eller ho ønskjer eller
ser på som mest føremålstenlege, seier Illum.
Tre punkt om å undervise i lytting:
1. Lytting er ein viktig læringsstrategi på line med lesing,
skriving og munnlegheit. I ein undervisningskontekst er det stor forskjell på
lytteformål, avhengig av om elevane skal lytte til læraren sitt faglege
innlegg, instruksjonar, delta i ein litteratursamtale eller inngå i
gruppearbeid.
2. Eksplisitte lytteinstruksjonar bør vere ein del av
undervisninga. Det vil hjelpe elevane viss læraren av og til tydeleggjer kva
lytteformål og lyttehandlingar læraren ønskjer eller ser på som mest
føremålstenlege i den gitte undervisningssituasjonen.
3. Rammene for elevane si lytteåtferd i forskjellige
situasjonar kan lærar og elevar avtale saman. For eksempel at det ikkje blir
teikna når ein klassekamerat taler, at ein set seg i sirkel så alle kan sjå den
som talar.