5-årig grunnskulelærar-utdanning – ein "masterplan"?
Å vite kva val ein skal gjere når ein skal utdanne seg til lærar i dag er ikkje lett. Om ein går nokre år tilbake var det lettare. Det var stort sett to offisielle hovudvegar som førte til ei lærarstilling.
Enten utdanna du deg ved ein av dei statlege lærarhøgskulane, eller så tok du universitetsfag og sidan det pedagogiske seminaret. Då vart ein grovt rekna enten allmennlærar eller faglærar. Biletet er etter kvart blitt meir variert. I skulen i dag finn ein lærarar med høvesvis 2-, 3- og 4-årig lærarutdanning frå statlege høgskular, faglærarar med universitetsbakgrunn, og frå relativt nyleg lærarar med integrert lærarmasterutdanning frå universitet eller mastergrad knytt til lærarutdanning som påbygging til fullført allmennlærarutdanning. Dette siste ser ein no at fleire og fleire institusjonar som utdannar lærarar tilbyr, eller ønskjer å tilby. Satsinga vi kan sjå på mastergradstilbod knytt til lærarutdanning er ein måte å møte kravet frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) om auka fagleg fordjuping og spesialisering i lærargjerninga.
Denne satsinga er eit tilbod til lærarar og lærarstudentar som ønskjer å utdanne seg vidare med vekt på fagleg fordjuping og spesialisering for undervisning i norsk grunnskule. I tillegg krev den nye rammeplanen for grunnskulelærarutdanning som eit minimum at lærarstudenten har pedagogikk og to skulefag i fagkrinsen sin. Då er spesialiseringa ei heilt anna enn då ein hadde 2-, 3- og 4-årig utdanning med innslag av ei rekkje obligatoriske kvart- og halvårseiningar. Rammeplanen er endra i retning av å bli ein plan som nærast legg grunnlag for å utdanna faglærarar.
Ei mastergradsutdanning gir då plass til det forskingsretta synet på fag(et) ein fordjupar seg i, og det gir læraren styrka fagkompetanse og endringskompetanse. Ein vert med det i større grad kompetent til å planleggje og gjennomføre utvikling av fag og undervisning på eigen arbeidsplass. Det vil seie at ein lærar gjennom sin mastergradsutdanning gjer både han/ho og arbeidsplassen betre rusta til omstilling/endring på fagleg grunnlag.
At rammeplanen for grunnskulelærarutdanninga no opnar for spesialisering innanfor undervisning av få fag, og den aukande satsinga på mastergradstilbod knytt til lærarutdanning viser at det no ligg opent for å førebu ei 5-årig obligatorisk grunnskulelærarutdanning. Ei slik utdanning vil i praksis vere det same som ei integrert masterutdanning, og bety at den norske grunnskulelærarutdanninga vert ei 5-årig obligatorisk utdanning som inkluderer ei masterutdanning.
Plass til to løysingar
Det er ikkje heilt det same å ta ein mastergrad som del av ei grunnutdanning (5-årig samanhengande grunnskulelærarutdanning) og å ta ein mastergrad som ein 2-årig påbyggingsutdanning (etter fullført 4-årig allmennlærarutdanning). Eit klart skilje mellom mastergradsstudentar som har arbeidd som utdanna lærarar før dei tek til med ei masterutdanning, og dei som tar ein 5-årig utdanning i strekk finn ein ved praksiserfaringa dei har. Ein masterutdanning krev i dag ikkje praksis ut over fullført 4-årig lærarutdanning, samstundes som det er konstatert at læraren hentar mykje kunnskap frå eigne erfaringar med undervisning. Det skal vere rom for å reflektere over om dei som har vore i læraryrket ei stund i større grad enn studentar som kunn har vore ute i skulen i samband med obligatorisk praksis i utdanninga har betre grunnlag for å finne relevante tema og problemstillingar for masteroppgåver.
No er ikkje undervisningserfaring i seg sjølv eit berande element i samband med å utvikle ein prosjektplan for ei masteroppgåve. Ein student som føl eit 5-årig studielaup kan gjennom å følgje med på samfunns- og skulerelatert debatt, og studiar av faglitteratur knytt til fagfeltet ein rettar seg inn mot, identifisere aktuelle masteroppgåvetema og meisle ut tilhørande problemstillingar. I sum seier dette at båe gruppene av potensielle studentar skal ha studietilbod på mastergradsnivå. I dag har dei høve til å søkje på det same tilbodet, og då kan grunnutdanningsstudenten søkje og få opptak til mastergradsutdanning etter tre år i grunnutdanninga, dersom han/ho oppfyller dei faglege krava til fordjuping. Dette fungerar, men genererar også spørsmål i høve organiseringa av ei framtidig obligatorisk 5-årig grunnskulelærarutdanning. Tre slike spørsmål er:
- Kven bør ta ei mastergradsutdanning knytt til læraryrket?
- Kven bør ta ei 5-årig obligatorisk grunnskulelærarutdanning?
- Kva kan vere likt, og kva skal vere forskjellig i ei mastergradsutdanning som påbygging og ein 5-årig grunnskulelærarutdanning?
For i framtida å heve lærarkompetansen i grunnskulen, bør alle lærarar i skulen som ønskjer og er motivert for å ta ei mastergradsutdanning knytt til læraryrket ha høve til å ta fatt på ei slik utdanning. Men å ta ei mastergradsutdanning er ikkje det same som å ta ei ny grunnutdanning, og det er difor rett at det er faglege opptakskrav og karakterkrav. Å ta ei mastergradsutdanning er ikkje ein rett ein har.
Ved innføring av ei 5-årig grunnskulelærarutdanning vil alle studentar som tar fatt på ei grunnskulelærarutdanning i praksis vere tatt opp til ei integrert mastergradsutdanning innanfor læring og undervisning. Men dette vil setje nye faglege krav til studentane, for det må framleis gjelde at å bli lærar ikkje er ein rett ein har, og i dette tilfellet ta ei mastergradsutdanning. Det er noko ein har høve til å ta fatt på om ein fyller opptakskrav. I ei 5-årig grunnskulelærarutdanning vil det derfor vere nødvendig med det ein kan omtale som oppflyttingskrav, til dømes frå tredje til fjerde studieår.
Ut i frå det som er sagt under punkt 1 og 2 skal det også i framtida vere plass til båe utdanningslaupa. Lærarar som har arbeidd i skulen ei stund, og har 2-, 3- eller 4-årig allmennlærarutdanning vil kunne søkje opptak til ei masterutdanning som fungerar som eit påbyggingsstudium, og studentar som er tatt opp på ei 5-årig obligatorisk lærarutdanning føl studieprogresjonen i studiet dei er tatt opp på. I praksis vil desse studentgruppene, som i masterutdanningane i dag(!), følgje same opplegg og same undervisning ved institusjonen der dei er tatt opp som studentar. Det som skil desse to gruppene av studentar er som nemnt før omfanget av praksis som lærar. Det vert feil å krevje at lærarar med yrkespraksis skal ha meir praksis medan dei tek ei masterutdanning som påbygging.
Derimot er det riktig å vurdere om ein 5-årig utdanning bør innehalde noko meir praksis enn dei 100 dagane (20 vekene) som er knytt til dagens 4-årige grunnskulelærarutdanning. Denne auka praksisbiten bør i så fall vere knytt til det/dei faget/faga der ein har den faglege fordjupinga som masteroppgåvearbeidet skal knytast til, og omfanget av praksisauken må vere monaleg. Likevel skal ein vere medviten om at som uteksaminert lærar vil ein alltid få praksiserfaring gjennom tilsetting som lærar. Derimot vil ein ikkje automatisk utvikle eit forskings- og utviklingsretta syn på faget ein underviser i. Meir praksis i ei 5-årig grunnskulelærarutdanning må difor ikkje bli ei erstatning for målet om fagleg fordjuping og spesialisering.
Ei slik utvikling som her er skissert gir uansett ein betre skule. Ei slik gjennomgripande kompetanseheving som ein 5-årig obligatorisk utdanning vil gje, viskar derimot ikkje ut nyutdanna lærarar sitt behov for å ha høve til å vere nyutdanna når dei tar fatt på yrket som lærar. For å gjere overgangen frå lærarutdanning til læraryrke mindre brå bør det derfor ved utvikling av ei 5-årig obligatorisk grunnskulelærarutdanning også bli krav om meir praksis i utdanninga. Samstundes bør det vere ei høgt prioritert oppgåve for stat og kommune å leggja til rette for at alle grunnskulelærarar, som har praksiserfaring, fyller opptakskrava og ønskjer å ta ei masterutdanning innanfor læring og undervisning, kan ta ei slik påbyggingsutdanning.