– Lærarar kan ha lukka Facebook-grupper for elevar, om det kan vere nyttig for arbeidet i klassen. Men dei skal ikkje sleppe elevar inn på sin Facebook-konto, seier leiaren for Lærarprofesjonens etiske råd, Birte Simonsen. Foto: Paal Svendsen

Læraren blokkerte eleven på Facebook

Ei jente på 13 år skriv til Barneombodet og er lei seg etter at læraren hennar blokkerte ho på Facebook.

Publisert

Det var dårleg gjort av læraren, meiner leiaren for Lærarprofesjonens etiske råd, Birte Simonsen.

 

– Læraren må forklare skikkeleg

Læraren hadde først akseptert førespurnaden frå jenta om å vere vener. Men etter nokre timar blokkerte han ho.

Han har vore kontaktlæraren hennar på barneskolen, men er ikkje lenger kontaktlærar for ho.

«Jeg syns det var litt dumt at han blokket meg, siden jeg ville følge han og jeg savner han. Jeg skjønner ikke hvorfor», skriv jenta. Brevet er gjeve att på nettsida til Barneombodet i spalta «Spør Barneombodet».

– Han burde tatt kontakt med den tidlegare eleven og forklart kvifor han blokkerte henne, seier Birte Simonsen til Utdanning.

Barneombodet svarer jenta med at læraren truleg vil ha Facebook-kontoen sin privat, og difor seier nei til alle nåverande og tidlegare elevar. At han først aksepterte var i så fall ein glipp.

Birte Simonsen ser òg dette som eit sannsynleg hendingsløp.

– Men har han først akseptert, må han ta kontakt med eleven og forklare skikkeleg kvifor han etterpå blokkerar ho, gjentek ho.

 

 

 

Mange spørsmål kring ny teknologi

– Lærarar kan ha lukka Facebook-grupper for elevar, om det kan vere nyttig for arbeidet i klassen. Men dei skal ikkje sleppe elevar inn på sin Facebook-konto, slår ho fast.

- Ikkje eingong når eleven, slik som denne jenta, saknar læraren sin og difor vil halde kontakt?

– Å få vite at læraren har vore på fisketur eller anna som skjer i privatlivet hans gjer lite med det saknet. Læraren får heller sende meldingar eller på anna vis spørje den tidlegare eleven om korleis det går, seier Birte Simonsen.

– På Facebook blandar vi roller og kryssar grenser meir enn vi har gjort før, held ho fram.

– Grensene mellom jobb og privatliv, mellom barn og vaksne, er uklåre og utydelege. Det landskapet skal lærarar ikkje ta barn inn i, seier ho.

Birte Simonsen fortel at mange spørsmål til rådet er knytt nettopp til ny teknologi.

– Den nye teknologien lagar nye grenser, seier ho.

 

 

 

Powered by Labrador CMS