Det kan bli barnehagestreik frå midnatt

Ved midnatt i kveld går fristen ut for meklinga mellom Utdanningsforbundet og arbeidsgivarforeininga Spekter. Utan semje i natt blir det streik.

Publisert

I så fall går 90 medlemmar i Utdanningsforbundet som har Norlandia som arbeidsgivar ut i streik frå måndag, saman med 53 medlemmar i Studentsamskipnaden i Bergen og 7 i Studentsamskipnaden i Stavanger.

– Situasjonen er heilt open, seier nestleiar i Utdanningsforbundet Terje Skyvulstad til Utdanning nøyaktig tolv timar før fristen går ut.

Konflikten dreier seg om pensjon. Arbeidsgivar vil ha pensjon ut av tariffavtala. Da er ikkje pensjon lenger eit område som arbeidstakar og arbeidsgivar kan forhandle om. Dette aksepterer ikkje Utdanningsforbundet.

Ved førre forhandlingsrunde vart det forhandla fram ei pensjonsordning i Norlandia som Skyvulstad kallar god. Samstundes trekk han fram det spesielle i at arbeidstakar alt nå vil endre avtala.

Det har blitt brot i alle forhandlingane med private barnehageeigarar denne hausten, både PBL, Spekter og Virke. Med PBL førte meklinga til semje, for Virke er dei ikkje avslutta.

– Kvifor er pensjon ein gjengangar?

– Strid om pensjon har gått igjen i alle forhandlingane dette året. Bakgrunnen er at arbeidsgivar ønskjer billegare pensjonsordningar. Og billegare for dei tyder dårlegare for arbeidstakar, seier Terje Skyvulstad.

Norlandia-barnehagane som er tatt ut i streik er Polarmåsen i Tromsø, Naustvika, Kårtveitpollen og Ulven i Fjell i Hordaland, Mogreina i Ullensaker og Sørumsand i Sørum, Vardefjellet og Sten-Tærud i Skedsmo i Akershus, Myrertoppen og Skistua i Oslo, og Breivika, Vollen og Nissebo i Bodø.

Blir det brot, startar streiken med ein gong. Men sidan barnehagane ikkje er opne i helga blir ikkje streiken merkbar før måndag.

Powered by Labrador CMS