Statsorgan bryt mållova

Nær halvparten av nynorskkommunane får sjeldan eller aldri brev frå statsorgan på nynorsk, trass i at dei har krav på det etter mållova. Språkrådet ber no alle statsorgan om å skjerpe rutinane for målform i skriv til kommunar.

Om ikkje organa skjerper seg, er det fare for at regelbrota kan festne seg som etablert praksis. Det skriv Språkrådet i brev til ei rekke statsorgan. Brevet er ei påminning om reglane som gjeld målform i skriv til kommunar.
Kulturdepartementet får mange klager som viser at det stadig skjer til dels elementære regelbrot. Nesten alltid er det den nynorske målforma og nynorskbrukarane det går ut over.

Frå eit oppfølgjande tilsynsarbeid er hovudinntrykket til Språkrådet at dei fleste har gitt opp å klage. Samtidig skriv rådet at det kan synast som det skortar både på elementær kunnskap om regelverket og vilje til å etablere nødvendige interne rutinar.
Språkrådet veit ikkje kva som er grunnen til at statsorgana i så mange tilfelle ikkje oppfyller språkkrava til kommunane. Det er likevel nærliggjande å tru at mange statsorgan er dårleg orienterte om lovverket. Språkrådet meiner difor det er grunn til å informere grundigare om kva reglar som gjeld i skriftleg kommunikasjon med kommunar og fylkeskommunar.

Bakgrunnen for skrivet til statsorgana er at Språkrådet i vinter, i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum, gjennomførte ei undersøking for å kartleggje målbruken i nynorskkommunar. I undersøkinga svarar 44 prosen av nynorskkommunane at dei sjeldan eller aldri får brev frå statsorgan frå nynorsk, i strid med paragraf 5 i lov om målbruk i offentleg teneste.
Kommunar og fylkeskommunar har høve til å klage inn målform i skriv til Språkrådet, men gjer det så godt som aldri. Difor er det vanskeleg for Språkrådet å vite noe nærare om kor omfattande dette problemet er.