– Vi treng lærarar som koplar leik til læring, sa Lars Mæhle under opninga av Dei nynorske festspela. FOTO: Tove K. Breistein

Dei nynorske festspela opna med skolekritikk

Festspeldiktar Lars Mæhle opna dei nynorske festspela med å etterlyse meir leik og fantasi i skolen.

Publisert

– Barn treng å få kilt fantasi- og humormusklane sine, sa Mæhle i talen sin da han i går opna dei årlege nynorske festspela ved Aasentunet i Ørsta i Møre og Romsdal.

Lars Mæhle, som er festspeldiktar i år, har skrive bøker for barn og unge sidan debuten i 2002. Han har skrive både krim for barnehagebarn og ungdomsromanar.

I opningstalen sa han at tankegang frå næringslivet, med kartlegging, registrering og analysar, har fått alt for stor plass i skolen.

I staden vil Mæhle at lærarane skal spørje: Kva kan vi skape i dag? Kva kan vi få til? Kva kan vi le av?

– Vi treng lærarar som koplar leik til læring. Som gjer det artig å lære. Som anerkjenner barns fantasi, sa Mæhle. Men vi har fått det han kalla ein rein teljeskole, der det er viktigare å dokumentere og analysere.

– Eg veit jo at lærarar meiner dei bruker for mykje tid på å telje og analysere for å kome fram med ein ofte opplagt diagnose i etterkant, seier Mæhle til Utdanningsnytt på telefon frå Ørsta.

Han er mykje rundt på skolar og arbeider med litteratur og skriving med elevane. Da blir det også samtalar med lærarane.

– Lærarane treng ikkje alle registreringane og prøvene dei er pålagt. Dei kjenner elevane sine og veit kven som slit med kva utan slike prøver.

– Gi barna kultur før teljinga tar dei, seier Lars Mæhle.

Sjå heile talen her:

 

Powered by Labrador CMS