– Alt i alt er mange av tiltaka vage, eller dei peikar i ulike retningar samstundes, seier Steffen Handal om den politiske plattforma for den komande firepartiregjeringa. Arkivfoto: Utdanningsforbundet
– Alt i alt er mange av tiltaka vage, eller dei peikar i ulike retningar samstundes, seier Steffen Handal om den politiske plattforma for den komande firepartiregjeringa. Arkivfoto: Utdanningsforbundet

Handal kallar regjeringserklæringa for blå-blå

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal ser ikkje att Kristeleg Folkeparti i utdanningsdelen av regjeringserklæringa.

Publisert

 

I staden kallar han avsnittet i erklæringa om kunnskap for vidareføring av blå-blå utdanningspolitikk.

– Ser du ikkje KrF i punktet om at halvparten av dei tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar?

– Jo, men når? Det står berre at dette skal skje over tid. Tiltaket bør òg sjåast i samanheng med styrka bemanning generelt. Og slik er det med mange punkt. Som å innføre eit nytt praktisk og yrkesretta fag i ungdomsskolen. Det er fint at dei koplar orda «praktisk» og «ungdomsskole». Men ut over det er punktet altfor vagt til at vi kan ta stilling til kva som kan kome ut av det, seier Handal. 

Punktet om å innføre ein ekstra time med realfag er han kritisk til av same grunn.

– Det er ikkje sagt noko om korleis dette er tenkt. Da oppstår mistanken om at dette blir eit tiltak som endå ein gong trekk lærarressursar til realfag. Det kan få uheldige utslag i ei tid der lærarmangel og lærarrekruttering er store utfordringar, seier han.

Handal trekk fram at erklæringa har gode formuleringar om leiken sin plass i utdanninga, og at ein vil evaluere arbeidet med dei yngste skolebarna.

– Samstundes står det at det skal bli enklare å utsetje skolestarten. Kan vi sjå det som eit teikn på at foreldre og barnehage får eit større ansvar for å levere skoleklare ungar til skolen?

– Det er igjen eit spørsmål vi ikkje får svar på.

Handal meiner og det kan liggje gode tankar bak punktet om å gjennomgå som systemet som blant anna omfattar elevvurdering, som er kjent som Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet.

Men det burde vore gjort i samband med fagfornyinga og dei store endringane i læreplanane som går føre seg nå, seier han.

 

– Vage eller sprikande 

Regjeringa vil dessutan ta obligatoriske timar for trafikkopplæringa ut av fråværsgrensa i vidaregåande.

Steffen Handal kommenterer dette med å trekkje fram at det er vedtatt å evaluere fråværsgrensa.

– Eg meiner det er svært uheldig at ein gjer endringar i dette regelverket før det er evaluert, seier han.

Blant tiltaka han etterlyser, er meir pengar til barnehagelærarutdanninga. Ifølgje Handal er det godt dokumentert at dette er eit viktig tiltak.

– Alt i alt er mange av tiltaka vage, eller dei peikar i ulike retningar samstundes. Vi må vite meir om kva som er tenkt og meint for at vi kan ta stilling til dette, seier Steffen Handal.

 

Les også: Ny regjering vil vurdere språkdelt ungdomsskole

 – KrF er blitt holdt som gissel