Debatten om nynorsk og Utdanningsforbundet fortsett.

Ingen god forklaring fra Handal

Debatt. – Makteliten i «byen som ligg inst i fjorden der aust», har alltid vist negativ vilje til nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

Eg er forundra over at Utdanningsforbundet ikkje nemner nynorsk i høyringssvaret til ny opplæringslov. Det må vera likesæle frå Utdanningsforbundet si side, slik lektor Roar Ulvestad skriv i innlegget sitt i Utdanning nr 10/2020.

Det er enda meir utruleg når me veit at det meste av IKT som blir nytta i skulen, er på bokmål. Det er med på å undergrava nynorsken sin status for elevane som har nynorsk som hovudmål.

Les Ulvestads innlegg: Er Utdanningsforbundet sentralt utan språkleg medvit?

Les svaret fra UDF-leiar Steffen Handal: Utdanningsforbundet og nynorsken

«Makteliten» som held til i «byen som ligg inst i fjorden der aust», fritt etter Kjartan Fløgstad, har alltid vist negativ vilje til nynorsk.

Då eg på 1970-talet tok kristendomskunnskap grunnfag, opplevde eg to «negative ting»:

1) Den tillitsvalde blant studentane nekta å fremja krav om å få eksamensoppgåvene på nynorsk.

2) Ein av forelesarane viste kor vanskeleg det kunne vera å omsetja Bibelen til ulike språk. Han siterte hebraisk, gresk, latin, tysk og engelsk utan problem. Ein gong hadde han bruk for eit ord på nynorsk. Då sa han: «Jeg kan egentlig ikke nynorsk, men noen har fortalt meg at ordet betyr—-». Då tenkte eg i mitt stille sinn: «Stakkar tosk, du er nok fødd med alle dei andre språka, men nynorsk må du læra». Vedkommande var «oslogut».

Eg hadde nynorsk på barneskulen. Eg hadde ikkje og har ikkje problem med å lesa og skriva bokmål. Eg skulle ønskja at alle elevar i Norge kunne ha det slik, men då må nynorsken styrkjast i skulen.

Utdanningsforbundet sin leiar, Steffen Handal, har ikkje ei god forklaring på at Utdanningsforbundet overser høyringssvaret frå Utdanningsforbundet Vestland når det gjeld nynorsk.

Utdanningsforbundet må gripa tak i denne saka på ein betre måte for å sikra god nynorsk i skulen, både som hovudmål og sidemål for elevane.

Powered by Labrador CMS