Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

Utdanningsforbundet og nynorsken

Debatt. Vi meiner det bør diskuterast i organisasjonen før vi konkluderer med korleis jamstellingsreglane bør tolkast for digitale læremiddel, og i kva grad det er lovregulering som er rett svar.

Publisert Sist oppdatert

Styremedlem i Utdanningsforbundet Bergen, Roar Ulvestad, fyrer av ei skikkeleg breiside mot Sentralstyret 24.august og spør om Utdanningsforbundet sentralt manglar språkleg medvit. Bakgrunnen er høyringssvaret som er sendt til framlegget om ny opplæringslov.

Utgangspunktet er at Ulvestad seier seg nøgd med mykje av det som står i høyringssvaret. Han meiner òg det er bra og strategisk lurt at ein avgrensar det som vert kommentert slik at dette kan få sterkare vekt enn dersom ein prøvar å ta opp alle moglege tema knytt til lovarbeidet.

Når det gjeld reguleringar av språkbruk i lova, har vi uttala oss om dei samiske språka si stilling fordi desse er handsama i utgreiinga til lovutvalet. Det Ulvestad kritiserer, er at vi i høyringssvaret ikkje diskuterer jamstellingsreglane for bokmål og nynorsk, som er foreslått vidareført, i lys av at desse reglane. Han meiner desse reglane må konkretiserast særskilt for digitale læremiddel. Dette er nemnt i høyringssvaret frå Utdanningsforbundet Vestland.

Vi meiner det bør diskuterast i organisasjonen før vi konkluderer med korleis jamstellingsreglane bør tolkast for digitale læremiddel, og i kva grad det er lovregulering som er rett svar. Etter at reglane om godkjenning av læremiddel blei avvikla rundt år 2000, er det kommunane og fylkeskommunane som tolkar lovverket og tar avgjerd om kva for læremiddel som skal brukast i skulen. Våre tillitsvalde og medlemmer kan med andre ord arbeide for å legge press på dei lokale styresmaktene om kva kvalitetskrav som skal gjelde for innkjøp av digitale læremiddel.

Dersom vi konkluderer med at forslaga frå Utdanningsforbundet Vestland skal inn i lova eller lovproposisjonen, er det ikkje for seint å spele dette inn sentralt. Kunnskapsdepartementet skal nemleg sende eit nytt lovframlegg på høyring og som byggjer på utgreiinga frå lovutvalet og høyringsinnspela, før eit endeleg framlegg blir sendt til Stortinget. Etter innspelet til Ulvestad vil vi difor ta dette spørsmålet opp til drøfting, og vi inviterer både han og andre til å kome med konkrete forslag til korleis denne reguleringa bør gjerast.

Powered by Labrador CMS