Diskusjonen om det kun skal være norske flagg i 17.maitoget er en tilbakevendende debatt. Foto: Paal Svendsen

Lærar starta ordkrig om flagg i 17. mai-toget

Striden om det berre skal vere norske flagg i 17. mai-toget eller ikkje kjem stadig tilbake. Lærar ved Bjarkøy skole i Harstad, Vegard Hoel, har sparka i gong striden i år.

Publisert

 

 

17. mai er nasjonaldagen vår, det er bursdagen til landet vårt. Da ønskjer vi ikkje utanlandske flagg i toget, seier leiar i 17. mai-komiteen i Harstad, Gro Dagsvold, til avisa Harstad Tidende, som eit svar på utspelet frå Hoel.

Vegard Hoel fortel til Utdanning at han og elevane hans har pynta skolen til 17. mai med både norske og serbiske flagg, fordi somme elevar er serbiske.

Men eg veit ikkje om dei vil ha serbiske flagg med seg i toget, seier han.

Han fortel at saka starta med at han skreiv på Facebook-sida si at det burde vere naturleg å sjå fleire flagg enn det norske i 17. mai-toget. Særleg trekk han fram at det samiske flagget bør ha ein naturleg plass, men meiner og at om til dømes hans elevar vil hatt med seg det serbiske flagget, så må dei få lov til det. Dette plukka lokalavisa opp, og striden var i gong.

– Når vi feirar nasjonaldagen, så feirar vi grunnlova. Og grunnlova gir oss to viktige rettar: Ytringsfridom, og retten til å vere annleis. Ut ifrå det bør det vere naturleg med ulike flagg i toget, seier han.

Som leiar i 17. mai-komiteen i Ålesund sto lærar ved Skarbøvik ungdomsskole, Catherine Drevik Ekrem, i same striden for fem år sidan:

– Aspøy barneskole, som har barn frå mange land, ville la elevane teikne flagget frå det landet dei kom ifrå og lage flaggborg med alle flagga. Vi i 17. mai-komiteen meinte at å seie ja eller nei til det var ei politisk avgjerd, og sende saka til politikarane, fortel ho til Utdanningsnytt.

– Dei sa til slutt ja. Ei fin avgjerd, meiner eg. Men det vart ein stor debatt og mykje rabalder, så da politikarane hadde bestemt seg, hadde skolen droppa prosjektet, seier Cathrine Drevik Ekrem.

I Oslo overprøvde dåverande ordførar Fabian Stang 17. mai-komiteen i 2008, og tillèt barn å ha med seg det flagget dei ville i toget. Han ville ikkje risikere at barn vart kasta ut av toget fordi dei hadde feil flagg.

Powered by Labrador CMS