– Eg tykkjer det er ein dårleg ide å sende elevane ut i ei skriftverda med lapp framfor eine auget og venstrehanda knytt på ryggen, skriv Roar Ulvestad. Illustrasjon: Pixabay

Gjer fotosyntesen valfri!

Debatt: «Alle som diskuterer språksituasjonen, bør ha tjukk hud og ikkje ty til krenkekortet for den minste personlege fornærming.»

Publisert Sist oppdatert

Det skal ikkje diskuterast mykje om språksituasjonen i Norge før det blir ufint, det er berre å ta ein kikk på ordvekslinga mellom lektor Helge A. Kyvik frå Haugesund og dosent Jens Haugan, frå Høgskulen i Innlandet. Alle som diskuterer språksituasjonen, Midtausten eller abort bør uansett ha tjukk hud og ikkje ty til krenkekortet for den minste personlege fornærming.

Kyvik etterlyser det han ser på som ein tiltrengt ryddejobb og vil gjere sidemål valfritt, medan Haugan minner oss på jamstellingsvedtaket frå 1885, som er reint vakkert: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

Utan landsmålet, «det norske Folkesprog», som vart til nynorsk, hadde språkutviklinga mangla ei grunnleggande spenning, som har ført begge språka der dei er i dag. Kanskje vi hadde uttrykt oss skriftleg på same arkaiske måte som i jamstellingsvedtaket. Eg bruker å seie at det var det første og siste frå partiet Venstre si side som tilførte skulepolitikken noko positivt. I dag er vi i den heldige situasjonen at vi har to «almindelige Skrift- og Bogsprog». Då kan vi bruke nynorsk til dikt og sånn, medan vi brukar bokmål til reseptar, IKEA-oppskrifter og NOU-ar. For den utan ironisk muskulatur må eg avbryte denne tiraden før den tar heilt av, og understreke at vi har to fullverdige skriftspråk som kan brukast til alt, men at ingen av dei er naturleg å bruke for alle.

Kyvik har ein del påstandar med høgst anekdotisk slagside, som han brukar for å underbygge eit resonnement som uvegerleg fører fram til degradering av nynorsken i skulen. Påstand ein: «For mange er det ei lei oppleving kvar gong». På lik line med å ikkje få til matematikktentamen, ikkje vere fyrst i mål på 3000-meter eller aldri få heilt tak på den periodiske tabellen. Skal vi dermed gjere heildagsprøver, kroppsøving og fysikk til valfrie storleikar?

Påstand to: «Sjølv greie oppgåvesvar fell gjennom». Er det innhaldet som er det viktigaste i opplæringssituasjonen? Ei av drivkreftene for å øve, er å få mest mogleg samanfall mellom det ein ynsker å uttrykke, og det ein uttrykkjer. Språk og innhald heng saman, og bør utviklast synkront. Språket er ikkje berre eit instrument for tanken, men for dei av oss som ikkje er overdrive intuitivt anlagt, er språket faktisk tanken. Når eg skriv nynorsk, tenker eg nynorsk, når eg skriv engelsk, tenker eg engelsk, og når eg skriv bokmål, tenker eg bokmål. Men: det har ikkje kome av seg sjølv. Minste motgangs veg er snarvegen til ei blindgate.

Påstand 3: det er «(…) ikkje lett å navigere i eit virvar av tillatne ord og former.» Det er eg samd i, det fordrar ei annan læringsløype i språkopplæringa. Estetisk finkjensle og det å kunne skrive stilistisk sikkert fordrar eksponering av mange og gode tekstar. Eksponering – normalisering – orientering! Rommet for å utvikle eit personleg nynorsk skriftspråk som ligg nær eins eige talemål har for mange likevel blitt større, noko som kan gje nynorsk ein styrka posisjon. Eg skriv sjølv ikkje utan feil, men det er og blir nynorsken som ligg talemålet mitt nærast og eg knip meg fast.

Påstand 4. «Elevane har mange fag å arbeide med, så dei burde ikkje tutle med sidemål i tillegg». Dette arbeidsmengdeargumentet kan ein sjølvsagt bruke på alle fag ein personleg ikkje heilt ser meininga i. Eg har døme på fleire fag som har hatt heilt marginal verdi for meg personleg i opplæringssituasjonen, og som eg heller ikkje har glede av i min vaksne privat- eller arbeidssituasjon. Det er mitt etiske ansvar som lærar å stille meg bak heile breidda i fagtilbodet, og vere lojal mot dei føringane som er i planverket.

Elevane våre treng lærarar som trur på sitt eige oppdrag. Det er tydeleg at Kyvik har mista trua for nynorsken sin del. Det er ikkje eit personangrep, men mitt inntrykk etter å ha lese innlegget hans. Å ville gjere nynorsk sidemål til valfag er ikkje ei god «rydding», men det som i judo- og brytekretsar vert kalla «blodkveling». Det einaste som vil fungere er å ha lærarar som ser verdien i det språklege mangfaldet vi har i landet, og som står på som motiverande ambassadørar for både nynorsk og bokmål.

So lenge vi har det vedtaket vi har, kan vi like lite velje vekk halvparten av oppdraget som om matematikklæraren kan velje vekk halvparten av rekneartane. Om vi skal la valfridomen råde og avgjere om noko har livets rett, kan vi sleppe den laus på resten av opplæringstilbodet og sjå kva som blir att. Sørgjeleg som det nok er, er det mange fag og fagområde som har puls fordi vi har bestemt at alle elevar skal ha dei.

Eg er likevel usamd med den tredje stemma i debatten so langt, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, sjølv om han er «sjefs-nynorskingen» for tida. Elevane skal bli ikkje bli glade i både nynorsk og bokmål seier han, men få den kompetansen samfunnet treng. Dette er peikefingeren til ein lang og knoklete skulemeister frå mellomkrigstida spør du meg. Sjølvsagt skal glede vere ein del av biletet, og elevane må ha grunnar dei kan identifisera seg med, for å gjere skulearbeidet.

Kva ligg forresten i «å vere glad i» i skulefagleg samanheng? Fagleg «lukke» er å sjå at systematisk arbeid kastar av seg, og at eg brått kan eller forstår noko eg ikkje gjorde før. Måten Aasbrenn uttrykker seg på, er ikkje ulik den dårleg pedagogen som seier at «Eg og tykkjer det er kjedeleg, men vi er nøydd til å gå gjennom det.» Då vert det stemning i skulestova! Juhu!

Sjølv knyter eg denne «gleda» til meir konkrete situasjonar. Eg kjem til dømes til å bli glad når eg ein dag skjønar prinsippa kløyvd infinitiv, fuge-s eller korleis ein reknar ut pensjon, og eg er sørgjeleg klar over at det ikkje kjem utan ein viss eigeninnsats. Eg kan diverre å bøye «å prokrastinere» i alle tider og former.

Eg kjenner elles på kvardagslukka i å meistre både nynorsk og bokmål greitt nok. Hadde eg ikkje treft inspirerande lærarar som ikkje skilde mellom målformene, men som heller skilde melom skitprat og fornuftig tale uansett målform, hadde det nok gått dårleg. Utan eit minimum av den doble målkompetansen hadde eg heller aldri kunne sett pris på den rike litteraturen vi har. Eg tykkjer det er ein dårleg ide å sende elevane ut i ei skriftverda med lapp framfor eine auget og venstrehanda knytt på ryggen.

Det er vår oppgåve å utvide komfort- og meistringssona til elevane, og ikkje late eigen eller elevar si komfortsone setje grenser for læringsarbeidet.

Til sist: eg ser at Kyvik i sin siste kommentar, i retning Aasbrenn, etterlyser elevperspektivet. Eg har undervist i ungdomsskule og vidaregåande opplæring sidan 1995. Om elevane mine hadde fått valfridom, er eg ikkje engsteleg for at nynorskopplæringa skulle bli valt vekk. Det er uansett vår oppgåve å utvide komfort- og meistringssona til elevane, og ikkje late eigen eller elevar si komfortsone setje grenser for læringsarbeidet.

Vebjørn Sture og Janne Sture skriv godt om valfridom og nynorsk som sidemål i boka «Kva skal vi med sidemål» (2013) : «Reell, varig valfridom føreset tvert om at alle får god opplæring i både nynorsk og bokmål. Den som meistrar begge skriftspråka, er fri til å velje kva skriftspråk han eller ho vil bruke. Ein slik valfridom varer resten av livet, og vert ikkje avgrensa av kva val du gjorde som pur ung.»

Som lektor på femti pluss er eg sjeleglad for mange av dei vala som vart tekne for meg i skuletida. Det har gjeve meg valfridom av høgare orden i vaksen alder.

Powered by Labrador CMS