I andre bransjar lyttar ein nøye til brukarane, det burde også lærarar gjere meir av, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons / (©1968 ABC Television)

Sidemålsordninga fungerer ikkje

Debatt: Tilsvar til Magne Aasbrenns innlegg om sidemål

Publisert

Det eg likar aller best ved Noreg, er at her har vi ytringsfridom. Det eg likar dårlegast, ja, det er for tida sidemålsordninga, som ikkje fungerer, for å seie det mildt. Eg har ytra meg om dette fleire gonger, kvar gong med utgangspunkt i erfaringane mine som lærar, og i elevane sine erfaringar, som trass alt er det viktigaste.

Eg synest eg fekk sagt ganske mykje om dette med dei 300 orda eg skreiv på Utdanningsnytt.no den 17. oktober 2019. Motdebattanten min, Magne Aasbrenn, skriv det dobbelte og tredobbelte, utan å nemne eleverfaringane med eit einaste ord.

Det synest eg er litt rart. Eg kunne kanskje ha kalt han ein verdsfjern teoretikar, men gjer det ikkje. Allikevel: Det er sjølvsagt ikkje «greidt at forstå, hvor skoen trykker, når en ikke har den på», for å bruke eit litt forslite uttrykk frå Ibsens Peer Gynt.

Dette burde vere opplagt: Elevane er brukarar av dei tenestene me leverer. I andre bransjar lyttar ein nøye til brukarane, det burde ein gjere meir av også i vår.

Powered by Labrador CMS