Skoleleiar trua journalist

Journalist Daniel Stjärna frå Sveriges Radio vart trua av ein skoleleiar da han intervjua elevar.

Hendinga skjedde på ein skole i Kronobergs län sør i Sverige. Sveriges Radio vil nå melde skoleleiaren til politiet.

Radiojournalisten sto på skoleplassen og intervjua elevar da ein person frå skoleleiinga kom ut og kravde at Stjärna gav frå seg utstyret sitt og drog frå skolen. Dette nekta journalisten. Da vart han trengt opp i eit hjørne. Personen frå skoleleiinga tok papira til Stjärna, og las notat som var verna av kjeldevernet, melder Sveriges Radio.

Elevane som såg hendinga, ringde politi, som kom til skolen og konstaterte at Daniel Stjärna ikkje hadde gjort noko gale.

Stjärna var på skolen fordi elevar ved skolen hadde tatt kontakt med lokalkontoret til Sveriges Radio i Kronoberg, sør i Sverige.

 

Powered by Labrador CMS