Mållaget tar godt i mot språkstrategien til Språkrådet

Språkrådet presenterte i går "Strategiar for vern om norsk i globaliseringa si tid". Noregs Mållag gler seg over at det i utgreiinga kjem utfall mot viktige private språkpolitiske aktørar.

”Mange er enig i at nynorsken er et verdifullt innslag i det norske samfunnet som både beriker vår kultur og bidrar til dens særpreg. I så fall er det kulturelt og etisk forkastelig å bidra til at nynorsken stenges ute fra nasjonale arenaer der både bokmål - og nynorskbrukere deltar, slik for eksempel avisredaktørar og filminportører i dag gjør.”

– Det er godt nytt at også Språkrådet gjev styrke til kampen mot nynorskforbod i viktige nasjonale media, i tråd med kampanjen til Noregs Mållag mot språkpolitikken i Dagbladet og VG i år, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

I utgreiinga vert det lagt fram tolv avgjerande tiltak for den framtidige språkpolitikken i Noreg. Dei første to tiltaka peikar på at: ”Språkpolitikk må ikkje avgrensast til kulturpolitikk. Det må utformast ein samla språkpolitikk, behandla i Stortinget, som omfattar forholdet mellom norsk og engelsk, forholdet mellom nynorsk og bokmål, normering, minoritetsspråk og arbeidet med forståeleg språk i forvaltninga.”

– Om språkpolitikk vert løfta opp på regjeringsnivå gjennom ei stortingsmelding, føyer Noreg seg inn i rekka av europeiske land som har ein offensiv statleg språkpolitikk. Det er i så fall fantastisk flott, seier Gro Morken Endresen.

Noregs Mållag tykkjer det er gledeleg at Språkrådet også utfordrar næringslivet til å ta eit samfunnsansvar når det gjeld språk.