Utdanningsforbundet skal få retningsliner for språkbruk

Sentralstyret skal utarbeide retningsliner for bruk av båe målformer i organisasjonen.

Publisert

Med det er ei fråsegn frå årsmøtet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane blitt til vedtak på landsmøtet.

Stian Jakobsen tok fylkeslaget si sak opp på talarstolen på landsmøtet, og han er svært nøgd med at delegatane gjorde som han bad om.

– Det var flaut å stå på streikevakt med t-trøyer der teksten er på bokmål, når tilnærma alle som såg oss er nynorskbrukarar, seier Jakobsen til Utdanning i ei pause under møtet.

– Vi fekk kommentarar til det, og det gjorde det krevjande å halde merksemda der ho burde vere. Det er heller ikkje lett å vinne kampen om merksemda i lokale medier når den første reaksjonen vi får dreier seg om målforma, seier han.

Så godt som alt informasjonsmateriale frå sentralt hald er på bokmål, konstaterer Stian Jakobsen. Men det vil ikkje medlemmene i Sogn og Fjordane ha. Difor redigerer fylkeslaget alt materiale før dei sender det vidare.

Det er difor viktig at forbundet får ein klar strategi for bruk av båe målformer, seier Stian Jakobsen.

Powered by Labrador CMS