Kan nå ha same tillitsverv i tolv år

Tillitsvalde i Utdanningsforbundet kan nå sitje tolv år i same tillitsvervet. Landsmøtet har auka den maksimale perioden med tre år.

Publisert

Unntatt frå dette er dei hovudtillitsvalde, som kan fungere lenger.

Vedtaket er ein konsekvens av at Utdanningsforbundet frå nå av skal ha val kvart fjerde år, i staden for kvart tredje fram til nå. Maksimal tid i same vervet har vore tre periodar. Med val kvart tredje år vart dette ni år. Med val kvart fjerde år blir det tolv år.

Fylkesstyra i Nord-Trøndelag og Hedmark hadde levert inn framlegg om at maksimal periode burde vere åtte år. Argumentet var at tillitsvalde som grodde fast i vervet kunne hindre god kommunikasjon mellom tillitsvalde og grasrota. Men dette vart nedstemt. 

Powered by Labrador CMS