Spørsmål til elev (18): Kva er gale med læraryrket?

Publisert Sist oppdatert

Opptaket til lærarutdanninga er, som årets tal viser, altfor lågt. Sjølv om det er usemje om korleis tala skal forståast heilt nøyaktig, er det ingen tvil om at tala for lærarutdanning retta mot skulen gjev grunn til å stoppe opp. Heldigvis er det betra tilstrøyming til barnehagelærarutdanningane. Heia barnehagen!

Ein av dei som har god kontroll på tala, er professor emeritus Karl Øyvind Jordell. I ein kommentar på Khrono.no seier han: «For de tre ordinære lærergruppene GLU 1-7, GLU 5-10 og lektorutdanningen er nedgangen henholdsvis 0,4, 4,9 og 3,2 prosent.» All ære til Jordell, som tar talgrunnlaget på alvor, og som aldri gjev seg med vaksenopplæring.

Les også: Sp vil vite hvorfor så få søker lærerutdanning

God plass på lærarutdanningane

Det er lærarutdanningane som har flest ledige plassar idet det nye skuleåret er i ferd med å starte opp, jamfør tal frå til dømes Universitetet i Innlandet sine heimesider. Andre utdanningar har lange ventelister. Tala er vel ikkje dramatiske nok til at vi kan snakke om ei søkarflukt, men dei er sopass negative at vi kan slå fast at produksjonen av lærekrefter for skulen er for låg til å dekke komande behov i dei nærmaste åra.

Ein av dei tinga vi bør vakte oss for, er å bruke denne svikten i søking til å ause ut alt vi sjølv tykkjer er gale med skulen som grunn. Kva er det som styrer vala til ungdom som står i overgangen mellom vidaregåande og høgare utdanning? Det må ungdommen sjølv få svare på, men kan det vere at vi har eit omdømmeproblem?

«Eg skal i alle fall ikkje bli lærar» har eg høyrt mange elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule seie, medan eg knapt har høyrt det om andre yrke. Kanskje elevane ser kor tøft yrket er, med fulle klasser og sosiale utfordringar, der ideala stadig vert skrudd i veret, medan ressurstilgangen ikkje står i stil.

Kanskje ungdommen har fått proppa i seg for ofte at dei skal utdannast til «jobber som ikke finnes, med teknologier som ikke er oppfunnet, og løse problemer vi ikke ennå vet at vil oppstå»?

Det er rett at vi får nye jobbar, men dei kjem ikkje utan at vi kan godt dei som vi allereie har og treng. Då må det jo stå fram som keisamt og trått å velje eit yrke som har vi har hatt i fleire tusen år. Læraryrket legg stadig sterkare vekt på profesjonsfellesskapet, medan til dømes lege- eller juristyrket i større grad har eit individualisert omdømme. Har det å arbeide i flokk for andre sitt beste gått ut på dato?

Det er interessant å sjå kva forskinga seier. Sjølv for ein med mindre enn fire i matematikk frå vidaregåande, er det eit faktum at om like mange menn hadde søkt seg inn på lærarutdanninga som kvinner, hadde vi blåst av lærarkrisa med ein gong. Manneandelen er og har vore kritisk i mange år, med søkartal langt nede på 20-talet i prosent.

Betydning av lønn og profesjonell autonomi

Ei forskargruppe frå Oslo Met har sett på problemstillinga med for få menn i lærarutdanning, og kom fram til seks ulike punkt som vert sett på som avgjerande for mange menn som søker eller vurderer å søke læraryrket. Utan å vite det kan eg tenke meg at nokre av ankepunkta til mennene òg er relevante for mange kvinnelege søkarar.

Det første kritiske punktet er det forskarane samanfattar som «lønn og profesjonell autonomi». Her kjem det fram at både kvinner og menn legg vekt på det økonomiske, medan autonomi og status er sterkare hos mennene. Det vert peika på at ein noko diffus og sprikande kunnskapsbase for profesjonen kan gjere at gud og kvar mann føler seg kvalifisert til å meine noko om skulen, noko som og gjer at lærarprofesjonen kanskje har ein mindre eksklusiv status enn mange andre. Kva er felles for fysikklæraren i vidaregåande og allmennlæraren i 1. klasse? Kanskje ungdomen har fått med seg at vi har avgrensa fagleg fridom og er meir utsette for fri flyt av synsing enn mange andre profesjonar.

Dernest framhevar forskarane «eigen erfaring med skule og lærarar». Dei påpeikar det faktum at læraryrket er det yrket elevane ser mest av i skuletida, og det vil då sjølvsagt gje eit betre kunnskapsgrunnlag for å velje eller velje vekk yrket enn alle andre yrke.

Om du har hatt ein lærar du såg opp til og som utgjorde ein forskjell, kan det ha stor tyding for eige yrkesval. Om du ser berre stress og kjas og lærarar som strevar med å rekke over alle faglege og sosiale utfordringar i ein klasse, vil det sjølvsagt verke andre vegen.

Kanskje ungdomen har fått med seg at vi har avgrensa fagleg fridom

Dette er og kanskje ein av grunnane til at altfor få ungdommar med innvandrarbakgrunn vil bli lærarar. Som mellom anna Simon Malkenes har fått fram med sine skildringar av dei faglege og sosiale vilkåra på dei mest segregerte skulane i Oslo, er ikkje det arbeidsmiljø som ein vil å vere i meir enn høgst naudsynt. Å gje denne elevgruppa ein betre skulekvardag er kanskje byrjinga på ein god sirkel som kan gje oss fleire kollegaer med fleirkulturell bakgrunn i framtida.

Les også: Emad kom som flyktning fra Syria til Sverige. Nå håper han på jobb som lærer i svensk skole.

Erfaring med å jobbe med barn er og ein faktor som ifølge forskarane kan stimulere menn til å velje læraryrket, og her er løysinga lettare enn for mange av dei andre kritiske faktorane: «… dersom skolen kan legge til rette for å gi elevene praksis eller arbeidserfaring med barn, vil dette kunne gjøre sannsynligheten for å jobbe med barn større.» (s.34)

Den «kjønninga» som vi ser i sommar- og ekstrajobbing forplantar seg inn i utdanningsvala, og skulen har høve til å styrke pedagogisk samarbeid både med barnehage- og helse/omsorgssektoren.

Forskarane påpeikar vidare at tidspunkt for utdanningsval speler inn på menn sine utdanningsval.

Mange menn som blir lærarar, tek dette valet seinare enn kvinnene. Det å bli lærar vert gjerne sett på som eit «kvinneleg» val, og at mange menn vegrar seg for å ta utdanningsval på tvers av kjønnsnormene når dei er 18 år gamle. Dette punktet, som går på sjølvinnsikt, perspektiv og modenheit, kan ein og sjå som ein fellesnemnar for dei to siste punkta forskarane har valt å fokusere på, påverking frå foreldre og venner, og at læraryrket vert sett på som ein «feminisert» profesjon.

Les også: Får 6 millioner for å skaffe flere mannlige lærere og lærere med innvandrerbakgrunn

I tillegg til desse punkta har nok korona-situasjonen gjort at ungdommen ser konsekvensane av utdanningsval på ein annan måte enn før. Våre kollegaer i helsesektoren har fått velfortent heltestatus, og sjukepleiarane kan og vise til lønnsoppgjeret frå i fjor, då dei fekk eit markant hopp i løn.

Ungdomen veit at som sjukepleiar vert du aldri arbeidsledig, og at du kan rekne med ein solid status. Lærarane har ikkje fått heilt den same heltestatusen, sjølv med dei oppgraderte heimekontora, dei lange dagane og den nyvunne Ikt-kunna si. Som sjukepleiar kan du få deg jobb so og seie på dagen, til og med i dei store byane, medan lærarstillingar i Bergen og Oslo kan ha 2-300 søkjarar.

Identitet og profesjon

Eg veit ikkje, men eg har tenkt og kjent på det med identitet, profesjon og kunnskapsbase. Det å vere lærar er systematisk relasjonsarbeid, og det er arbeid med fag og fagleg forankring i forsking og vitskaplegheit, og det kan godt vere at utdanningsval vert styrt av kva ein tenker læraryrket er mest fylt av.

Lærarane har ikkje fått heilt den same heltestatusen

Kanskje har yrket blitt for diffust, slik at fagleg solide og ambisiøse ungdomar (av begge kjønn) heller vel sterke og tydelege yrke, som ikkje vert utsette for reformar i hytt og vêr, men heller er tufta på jamn og autonom utvikling av kunnskap- og erfaringsbase. Firarkravet i matematikk er grundig kritisert, og i seg sjølv irrasjonelt, som om matematikkompetanse skal vere ein universell indikator på kvalifikasjonar for eit yrke. Det er uansett ikkje det som har hindra dei med dei høgste karakterane i å bli lærar. Når du kan velje kva som helst, kvifor er læraryrket langt nede på lista?

Dei einaste som kan svare på kvifor dei ikkje vil bli lærarar, er uansett ungdomen sjølv, og eg håper dei snart kjem på banen og fortel oss korleis dei ser på yrket vårt, eller at nokon spør dei.

Mrk: hastesak.

Powered by Labrador CMS