Kva er mangfald?
Mangfald er eit plussord i dagens offentlege debatt, og kulturminister Trond Giske har til og med utropt 2008 til Mangfaldsåret.
Så vidt eg kan hugsa har eg knapt sett nokon som ikkje ynskjer mangfald i samfunnet vårt, dette gjeld også på det språklege og kulturelle planet. Men når det kjem til stykket og mangfaldet skal praktiserast, blir det verre. For kva er språkleg og kulturelt mangfald?
Skal me ha mangfald, må det ikkje då finnast mange ulike og særmerkte bidrag til dette mangfaldet? Skal me få det til, må kvart språk sikrast gode vilkår for berekraftig utvikling, dei må brukast og dyrkast. Dei som skyv nordmenn med innvandrarbakgrunn framfor seg i kampen for å bli kvitt nynorsken, har misforstått noko fundamentalt. I Morgenbladet 2. februar freistar Simen Sætre å blåsa liv i det han kallar «en ny målstrid», og som han gjerne vil skal gå mellom nynorskfolk og innvandrarar. Men nynorskfolk har alltid hatt stor forståing for den kampen andre grupper fører for eige språk og kultur, og støtta opp om deira krav.
Heilt sidan det sentrale målpolitiske dokumentet Målreising 1967 vart publisert, har målrørsla plassert den norske språksituasjonen innanfor ein mangfalds- og minoritetsspråkskontekst. Me har konsekvent støtta ulike grupper som meiner seg diskriminerte på dette området – me har vedteke støtte til samar og kvenar i deira strid for eige språk og kultur, til morsmålsundervisning for innvandrarar, og for fridom og rett til å bruka eige språk for minoritetsgrupper i mange andre land.
Svært mange fyrstegenerasjons nordmenn kjem frå land med fleire språk, og ofte snakkar og/eller skriv dei fleire ulike språk før dei skal læra norsk. Dette trur eg er ein styrke heller enn ein veikskap i møtet med det norske språket og samfunnet. Innvandrarar viser ofte mykje større forståing for den norske språkstoda med to skriftspråk og ulike dialektar, enn det etnisk norske gjer. Dersom desse nye nordmennene hadde fått god undervisning på skulen, med morsmålsopplæring for å gjera dei sikre og trygge i sitt opphavlege morsmål, og etter kvart fått læra norsk – bokmål og nynorsk – ville det setja dei i stand til å delta i samfunnet vårt på ein mykje betre måte enn det som er tilfelle no.
Ofte vert dei kasta inn i skulen der bokmål er einaste språket dei får opplæring på og i, same kvar i landet dei bur, og sjølv dei som har gode norskkunnskapar vert rådde til å søkja fritak frå sidemål. Denne praksisen fører til einsretting, ikkje mangfald, og det hindrar integreringa av nye nordmenn.
I Noreg har me hatt språkleg mangfald også lenge før innvandringa byrja å skyta fart på slutten av 1960-talet. Det gjeld sjølvsagt dei nemnde urfolksgruppene som har levd innanfor Noregs grenser i uminnelege tider, men det gjeld også mangfaldet av dialektar. Det hadde neppe funnest så stor dialektvariasjon i dag, om det ikkje var fordi målrørsla dreiv store kampanjar for retten til å snakka på eigen dialekt på 1970-talet. Me har to norske skriftspråk, bokmål og nynorsk, som representerer eit mangfald på norsk. Å fjerna det eine av desse er neppe eit bidrag til mangfaldet.
Nynorsk har eit stort mangfald av ord og uttrykk, henta frå ulike dialektar og variantar av norsk. Kanskje vil det vera nettopp i nynorskordboka me fyrst får møta ord og uttrykk som har kome til landet saman med innvandrarar frå ulike stader?