Frivillig laurdagsskole skal tette kunnskapshola

Med seksdagars skoleveke prøver skolar i Berlin i Tyskland hjelpe elevane til å kome i fatt med den kunnskapen dei har tapt under koronaen.

– Seksten år gamle Adenike Wessel lar seg intervjue av fjernsynstasjonen ARD når ho for tredje laurdag på rad møter på skolen sin: Wolfgang Amadeus Mozart-skole i Berlin.

Store delar av det siste året har ho berre hatt digital undervisning. Det seier ho er mye jobb og lite læring.

– Spør du ein lærar om noe, får du svar fem dagar seinare, seier Adenike Wessel som forklaring på kvifor ho ikkje får mye ut av digital undervisning. Difor går ho gjerne på skolen seks dagar i uka nå som skolane er opna.

Assisterande rektor Michel Neu seier at det ikkje er fast tilsette lærarar ved skolen som underviser på laurdagane. Det hadde ikkje gått i hop med arbeidsavtalane til lærarane. Så dei hentar inn vikarar andre stader ifrå.

Ut frå forbokstavane i orda i som er namnet på skolen; WAMS; har skolen laga slagordet: «Laurdag er Wamsdag»

Powered by Labrador CMS