Henrik fekk berre seksarar og oppfordrar elevar til å leggje vekk mobilen

– Legg vekk mobilen. Dei gongane du legg vekk mobilen i ein skuletime og faktisk prøver å forstå noko, då forstår du det, seier Henrik Solheim (19).

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om han fekk karakteren 6 i alle fag og på alle eksamenar, meiner Henrik det er mindre imponerande enn det høyrest ut.

– Du har nok av tid på skulen. Bruk tida, seier Henrik Solheim (19) frå Førde til avisa Firda (for abonnentar).

Henrik har ikkje berre sete heime og lest. Han har vore både russ og på festar.

– Folk klagar over lekser, men kastar vekk så mykje tid. Dei som sit på skulen og skrollar, brukar fleire timar på det. Ein har vanvitig mykje tid der til å gjere det ein skal gjere. Sjølv om eg er dårleg på det sjølv: Legg vekk mobilen. Dei gongane du legg vekk mobilen i ein skuletime og faktisk prøver å forstå noko, då forstår du det.

Les denne! Mobiler i skolen: – Skolene må avklare et forbud med foreldrene

Han meiner også at pugging ikkje er fornuftig.

– Mange snakkar om å øve som å pugge. Det er ubrukeleg. Om du puggar alt som skjedde før 1500-talet i andreklasse, er alt gløymd året etter fordi du berre pugga. Så begynner du på det som skjedde etter 1500-talet. Så kjem våren og du skal samanlikne alt mogleg og drøfte mot dagsaktuelle tema. Har du berre pugga, har du lite å komme med.

Henrik er kvalifisert til kjemi OL-finale i Oslo i slutten av juli, mykkje takket være en heilt uerfaren lærar.

– Eg er driven i dei fleste fag, men spesielt realfaga. Eg likte eigentleg alle like godt. Då eg kom i tredje klasse og begynte på kjemi 2, fekk vi ein ny lærar frå Sørlandet. Det var hans første klasse, han hadde ingen erfaring som lærar. Eg hadde låge forventningar og tenkte eg måtte gjere mykje på eiga hand. Men han var verkeleg den beste læraren eg har hatt. Seriøst tilgjengeleg 24/7. På godt og vondt. Du kunne spørje han klokka 01 på natta.

Powered by Labrador CMS