Professor Ingvil Brügger Budal har fleire høner å plukka med Knut Hoem etter hans innlegg om norsklærarar.
Professor Ingvil Brügger Budal har fleire høner å plukka med Knut Hoem etter hans innlegg om norsklærarar.

Mykje har endra seg sidan «Jonas» kom ut

Debatt: Professor har fleire høner å plukka med Knut Hoem etter hans innlegg om norsklærarar.

Publisert

Kjære Knut Hoem, eg har nokre høner å plukka med deg etter å ha lese innlegget ditt om norsklærarane.

Første høne er sjefshøna og er å finna i styringsdokumenta: Du skriv at den fremste oppgåva til norsklærarane er å formidla kunnskap om norsk litteratur og norske forfattarar til elevane og at dei gjer det i for lita grad. Den oppgåva er viktig, men skulefaget norsk femner langt meir enn norsk litteratur og norske forfattarar.

Eg vil rå deg til å bruka litt tid på læreplanane, både LK06 og LK20, altså styringsdokumenta som legg føringar for kva elevane skal læra. I læreplanen som galdt for første halvdelen av pandemitiltak og zoom-undervising var norskfaget delt inn i tre hovudområde: 1) munnleg kommunikasjon, 2) skriftleg kommunikasjon og 3) språk, litteratur og kultur. I haust vart rammene for lærarane endra, og i den nye læreplanen er norskfaget delt inn i seks kjerneelement: 1) tekst i kontekst, 2) kritisk tilnærming til tekst, 3) munnleg kommunikasjon, 4) skriftleg tekstskaping, 5) språket som system og moglegheit og 6) språkleg mangfald.

Andre høne er kjeldekritisk: Du lar norsklærarane få gjennomgå for å ikkje ha brukt pandemien som ein «gyllen anledning» til å la elevane fordjupa seg i skattkista av norsk litteratur. Det har nemleg kjeldene dine fortalt deg. Hovudkjelda di er ein artikkel som analyserer videoopptak av undervising i 2014/15.

Tredje høne sparkar: Å få kritikk frå utanforståande er lærarar godt vane med. Det utanforståande blikket kan vera konstruktivt for alle, uansett kva yrke ein måtte ha. Men her heimlar du påstandane dine i anekdotar og feiltolka forsking kombinert med eit lesarinnlegg, og går til åtak på norsklærarane – alt medan du sjølv viser manglande kunnskap om innhaldet i norskfaget, ansvaret til norsklærarane og rammene for arbeidet deira. Då oppnår du lite anna enn å vera «enerverende», og sjølv om det får blodet til å brusa, er det sjeldan konstruktivt.

Fjerde høne er ei viktig høne: Du peiker på at det vesentlege i Jens Bjørneboes roman Jonas er at det er viktig at det vert drøfta kva skulen skal vera, kvifor me går der, og kva slags danning me tilbyr elevane. Jonas kom ut i 1955, og til all lukke har mykje endra seg i skulen i løpet av desse 65 åra. Det som er uendra er at lærarar, politikar, foreldre, elevar, forskarar og ålmenta er levande opptekne av at elevane får best mogeleg opplæring og vert dugande menneskje. Finst det ei semje om, ein fasit til korleis dette skal gjerast? Heldigvis ikkje, og det som er rett for eit menneskje, eit samfunn, ei tid, kan for andre vera frykteleg feil.

Femte høne kjem trippande etter: Kjære Knut, dei fleste norsklærarar brenn for det som vert kalla «skulens største fag», faget som har «stofftrengsel», og der ein må halda seg oppdatert på faglitteratur, sakprosa, skjønnlitteratur osb. Treff du dei med kritikken din?

Du kallar norsklærarane for salamandrar. Salamandrane i Jonas tek ikkje omsyn til barns behov, er lite orienterte, trongsynte og vondsinna.

Plukkar me vekk dei fem hønene her, altså det misvisande og uvesentlege i teksten din, viser det seg at du meiner at skulen og norsklæraren er sentrale i formidlinga av norsk litteratur og det burde vera meir rom for dette. Den meininga hamnar i skuggen av metaforbruken din. Det er synd.