Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vart det knapt fleirtal for å bli med i den nye Høgskulen på Vestlandet. (Foto: Kari Oliv Vedvik)

Høgskulen på Vestlandet er ein realitet

Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord / Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane har slått seg saman til Høgskulen på Vestlandet.

Den nye høgskulen vil sjå dagens lys 1. januar 2017, og vil få 16.000 studentar. Dermed blir den ein av dei største utdanningsinstitusjonane i Noreg, ifølgje Noregs Mållag – som på si side jublar over at den nye høgskulen veljer nynorsk som hovudmålform.

– For oss er det ekstra kjekt å sjå at den nye høgskulen får nynorsk som hovudspråk, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

 

Skepsis i Sogn og Fjordane

Det var hos Høgskulen i Sogn og Fjordane skepsisen til å slå seg saman var størst, ifølgje avisa Sunnhordland. Nei-fraksjonen meinte at direkte kontakt med utdanningsstyresmaktene ville gje skulen eit betre liv.

Ja-folket på si side, var redde for at HiSF ved å stå aleine bare ville kunne tilby lågare utdanningsgrader, og dermed ikkje tena lokalsamfunn og næringsliv. Til slutt endte det med eit vedtak for samanslåing med seks mot fem røyster.

 

– Eit endå betre tilbod

– Vi fusjonerer fordi vi har mange fellestrekk og gode føresetnader, men også fordi vi har styrker og særtrekk som samla sett vil gje eit endå betre tilbod til landsdelen, seier dei tre styreleiarane Trond Ueland (HiSF), Liv Reidun Grimstvedt (HSH) og Ole-Gunnar Søgnen (HiB) i ei pressemelding.

Den nye høgskulen har ein klar ambisjon om å bli eit landsdelsuniversitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Rektor får hovudarbeidsplass i Bergen, og prorektorane skal ha sete i og ansvar for sin nærregion. Høgskulen på Vestlandet skal ha felles utdanningsløp og gjennomgåande leiing. Den vil få fem studiestader frå Sogndal og Førde i nord til Stord og Haugesund i sør.

Powered by Labrador CMS