Pål Julius Skogholt (SV).

Vil gi barnehagelærarar i Tromsø masterlønn

Barnehagelærarar i Tromsø skal få ei ordning med kompetanselønn, lovar lokalpartia for Arbeidarpartiet, SV og Frp.

Publisert Sist oppdatert

Stadig fleire barnehagelærarar har mastergrad. Men mange stader får dei verken løn eller arbeidsoppgåver som står til utdanninga. Det ønsker lokalpolitikarar i Tromsø å gjere noko med. Der tar representantar for SV, Arbeiderpariet og Frp til orde for at barnehagelærarar med master skal få lønn for kompetansen, på lik linje med lærarar i skolen. 

Pål Julius Skogholt frå SV leier oppvekst- og utdanningsutvalget i kommunen. Han har ikkje ein detaljert plan for korleis dette bør bli sett i verk. Når Utdanningsnytt tar kontakt, er han i ferd med å samle fakta for å kunne lage ein slik plan.

– Men uansett: Dette er viktig for å sikre kunnskap og kompetanse i barnehagane, så dette skal vi få til, seier han og får støtte fra varaordførerkandidat for Arbeiderpartiet, Marta Hofsøy: 

– Å ikkje gi barnehagelærarar lønn for kompetanse skaper eit unaturleg skilje mellom skole og barnehage, seier ho.

Hofsøy er oppteken av at politikarane ikkje skal leggje seg opp i lønnsforhandlingane mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. 

– Men dagens ordning gjer at vi har minst kompetanse der vi treng det mest. Det passar ikkje saman med slagordet til Arbeidarpartiet om at vi må tenkje stort om dei små, seier ho, og held fram:

– Det passar heller ikkje med vår politikk om at kompetanse skal lønne seg. Så dette må vi få til.

Latterleg

Ida Gårdseth Hov, kommunestyrerepresentant for Tromsø Frp, lover også å ta opp saka i med stortingsgruppa til Frp.

– Det er latterleg at vi ikkje har eit kompetanselønnsystem i barnehagane, seier Hov.

– I alle andre yrke får folk betalt etter kompetanse. Da er det opplagt at dei må få det I barnehagane også. Jo meir kompetanse dei tilsette i barnehagane har, jo betre blir det for heile samfunnet. Barnehagar er dessutan ein stad der dei slit med å halde på og rekruttere tilsette. Å ikkje betale for kompetanse gjer vondt verre, seier ho.

Hov meiner ein bør ha eit kompetanselønnsystem i barnehagane for heile landet.

– Går ikkje det, får vi ordne det lokalt, seier ho.

Varaordførar Mats Hegg Jacobsen frå Senterpartiet har ikkje fått med seg diskusjonen om kompetanselønn for barnehagelærarar før Utdanningsnytt ringjer. Men også han er positiv. 

– Kjempespennande, er den spontane og entusiastiske kommentaren på problemstillinga.

– Vi har problem med å tiltrekke oss og halde på kompetansen i barnehagane. Da er jo dette svært spennande tankar. Det er dessutan eit tiltak som høver svært bra for lokal gjennomføring, seier Mats Hegg Jacobsen. 

Representantar frå Høgre og Raudt har ikkje villa uttale seg til Utdanningsnytt om saka.

Høgre fram

Prognosane seier at Høgre vil gå kraftig fram ved kommunevalet i Tromsø i haust. Difor er det ikkje sikkert at dei fire partia som tydeleg seier at dei er positive til kompetanselønn etter valet, aleine kan innføre eit kompetanselønnssystem for barnehagelærarar.

Gøril Nordmo, nestleiar i UDF Tromsø, er likevel optimist. Ho viser blant anna til eit møte lokallaget hadde med politikarar frå dei fleste partia. Her vekte kravet om kompetanselønn i barnehagen positiv interesse frå fleire deltakarar.

– Eg trur difor eit fleirtal vil gå inn for dette, seier ho.

Nordmo fortel at Tromsø kommune nå vurderer å gjere alle barnehagelærarstillingar om til stillingar som pedagogisk leiar. Det vil gi barnehagelærarar som ikkje har slik stilling i dag leiarstilling og lønn for det. Framlegget er eit tiltak for å stabilisere og rekruttere til bemanninga av barnehagelærarar.

– Vi tilrår heller å bruke det dette vil koste på kompetanselønn, seier Nordmo. 

Ho meiner det vil gi større effekt.

Tar  masteren med ut av barnehagen

Kravet om kompetanselønn var oppe på fleire av fylkesårsmøta i Utdanningsforbundet i vår. Ei av dei som tok opp dette, var Beate Louise Lund på årsmøtet i Utdanningsforbundet Vestfold. Ho brukte seg sjølv som døme på ein barnehagelærar som tok mastergraden i barnehagepedagogikk med seg ut av barnehagen for å få lønn for utdanninga. Ho er i dag barnehagefagleg rådgivar i Horten kommune.

I ein epost til Utdanningsnytt seier ho at lokallaget ikkje har reist krav om dette til lokalpolitikarane i Horten. Ho meiner det er viktig at det blir gjort noe med dette sentralt fordi lønn etter kompetanse bør gjelde alle barnehagelærarar med vidareutdanning. Dessutan bør målet frå sentrale styremakter om meir kompetanse i barnehagane bli følgt opp sentralt.

Utdanningsforbundet Tromsø vil likevel jobbe for ei lokal ordning.  

– Eg forstår argumentasjonen om ei sentral løysing. Men krisa er her nå! Vi kan ikkje vente med tiltak for å betre bemanninga i barnehagane. Så da brukar vi lokalvalkampen for å få fram saka, seier Gøril Nordmo i UDF Tromsø.

Powered by Labrador CMS