Attval på leiarduo i Møre og Romsdal

Borghild Moe og Anne Marie Bergsetvart onsdag samrøystes attvalt som leiar og nestleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

På ein roleg opningsdag av årsmøtet i UDF Møre og Romsdal vart leiarduoen Borghild Moe og Anne Marie Bergset attvalt utan motkandidatar. Moe er frå Kristiansund og kjem frå VGO-området, Bergset er frå Sandøy kommune og har bakgrunn som lærar i grunnskulen.

I sin opningstale til årsmøtet la Borghild Moe mellom anna vekt på at slagordet «Sterkare saman!», som vart brukt då Utdanningsforbundet vart stifta i 2001, er meir aktuelt enn nokon gong.

– Vi såg det under streiken i fjor, då vi viste den krafta som ligg i kollektiv og samla framferd og markerte eit vendepunkt i høve til det presset lærarprofesjonen har vore utsett for over lang tid. Vi såg det nyleg då UDF sine medlemmer ved Heltberg Gymnas streika for retten til å inngå tariffavtale. Og vi opplever at tariffavtalar blir sett under press, særleg i privat sektor. Eit døme er pensjonsrettane til tilsette i private barnehagar. I slike situasjonar er behovet for kollektiv framferd og sterke fagforeiningar viktigare enn nokon gong, sa Moe.

– Du løfta også fram den barnehagepolitiske offensiven som UDF no set i gang. Kvifor?

– Barnehagen har lenge vore ein del av utdanningssystemet. Men det verkar det ikkje som politikarane har fått med seg, og difor skal vi hjelpe dei med det! For når alle er einige om at læraren er den viktigaste føresetnaden for læring, så må også dette gjelde i barnehagen. Men berre seks kommunar i Norge har ein barnehagelærarandel på meir enn 50 prosent. I vårt fylke er snittet på 31,6 prosent barnehagelærarar, og vi har kommunar heilt nede på 17 prosent. Difor må vi få ein lovfesta norm som seier minst 50 prosent barnehagelærarar, seier Borghild Moe.

Powered by Labrador CMS