Historie er framtidsfaget

Debatt: Senker vi krava på vidaregåande for å sole oss i den politiske glansen av betre statistikk, gamblar vi med framtida for oss alle.

Publisert

Då eg gjekk inn på Utdanningsnytt sine sider og las «Fremtidsfaget er historie», vart eg slått av dobbelbotnen i uttrykket. Det eine er at Melby sin visjon om ein snarveg til glupskap, «framtidsfaget», er ute av biletet. Den andre meininga er jo at det er historiefaget sjølv som er framtida. Eg set pris på begge forståingane, det er ingen snarveg til å forstå verda og seg sjølv i verda, og nøkkelen til framtid er å granske fortida. Det er nemleg historie som er framtidsfaget, i lag med mange andre.

Fortida er ikkje ei samling kronologisk arrangerte fakta, der vi med ein søkemotor på internett kan laste ned dei fakta vi treng etter kvart som behova melder seg. Fortida er summen av menneskeheita sine erfaringar, og det vil vere toppen av overmot å forholde seg berre til samtida sitt påtrykk av hendingar og utfordringar.

Ein førelesar eg hadde i nordisk litteratur, åtvara meg mot det han kalla «diskursiv eufori», vrangførestillinga at heile verdshistoria er ei lang rekke av hendingar med utvikling mot eit stadig høgare nivå, der noet til ei kvar tid er det fremste, edlaste og mest opphøgde og utvikla. Slik er det jo ikkje, men vrangførestillinga lever eit godt liv i hovudet til tusenvis av uopplyste menneske. Ikkje berre i Trump-land, men òg i det kalde mikrolandet i nord med verdas største sjølvbilete.

Historisk innsikt er (mellom anna) å stikke fingeren i jorda og korrigere eigen sjølvgodheit med faktisk kunnskap.

Historisk innsikt er (mellom anna) å stikke fingeren i jorda og korrigere eigen sjølvgodheit med faktisk kunnskap. Denne sjølvdiggande euforien opptrer ofte i tospann med den solipsismen ein ser i mykje liberal ideologi, der fellesskapet er mest til hinder for utvikling av sentrum i universet, nemleg individet. «Solipsisme» er jo eit utruleg snobbete ord, kanskje «det egosentriske verdsbilete» fungerer hakket betre.

Kva vil det seie å vere studieførebudd?

Det som uansett har vorte tydeleg i ordskiftet om fullføringsreformen, er at Melby vil la 16-åringens valfridom trumfe faglege omsyn, ho viser stor tru på at det vil styrke gjennomføringa. Kanskje det vil styrke gjennomføringa, slik at fleire blir formelt studieførebudde? Det betyr ikkje at dei er reelt studieførebudde. Mange av dei som i dag har generell studiekompetanse på plass, er ikkje godt nok rusta til utfordringane i høgare utdanning. Det er tydeleg at dei omgrepa vi bruker mykje, er dårleg avklarte, slik at vi legg ulikt innhald i dei. Det beste dømet er «danning», som vi nok aldri vert samde om. Vi har og eit uklart bilete av kva det er å vere «studieførebudd».

Les også: Samfunnet trenger historie

Når du er studieførebudd, skal du kunne ta høgare utdanning i hundrevis av ulike utdanningar, som er kvart sitt kunnskapsdomene. Mykje av det vi lærer bort i vidaregåande er domeneoverskridande kunnskap, som ikkje er knytt til særskilte yrke, men kunnskap som skal gjere deg til ein mest mogleg klok og fornuftig borger uansett yrke. Det du lærer er ei blanding av kunnskapstypar og metodar og tenkemåtar gjennom eit breitt tilfang av fag.

Studiespesialiserande liner skal rekruttere både til praktiske yrker med høgskuleutdanning, men òg til forsking og arbeid i akademia. Vi skal gjennom studiespesialiserande rekruttere til den fremste kunnskapsutviklinga, og då kan ein gjerne ønske seg snarvegar som å fjerne fag.

Ingen snarvegar

Det finst ikkje snarvegar til høg kompetanse i noko fagområde, og kvart fagområde eksisterer heller ikkje i eit vakuum. Alle fagområde grenser til andre fagområde i eit stort og krevjande samspel (og motspel). Om ein forenklar fagtilfanget, vil det meir enn noko anna kunne gjere at faga står fram som mykje meir harmonisk relaterte enn dei er.

No er framtidsfaget parkert, men ta til dømes «likestilling», som vart køyrt fram som eit tema for dette hypotetiske faget, for å eksemplifisere det lett meiningslause med å lage snarvegar. Å utvikle likestilling som ein grunnleggande verdi hos elevane, gjer du ikkje utan å gå grundig inn i det historiske, og vise kor det faktisk har gått gale. Vi får ikkje elevane «kjønnsblinde» utan at vi viser systematiske døme frå historia på korleis kjønn har blitt brukt til å diskriminere, forskjellsbehandle og distribuere makt i menn sin favør.

Eg som norsklærar kan ikkje gjere mitt undervisingsarbeid om likestilling, utan at eg veit at historielæraren gjer sin del, religionslæraren gjer sin del og så bortetter. Skal vi lære elevane gode grunngjevingar for ein demokratisk verdi, må vi over tid synleggjere og vise til døme på kva kampar som ligg bak dei goda vi har i dag. Vi treng både synkrone (samtidige) og diakrone (historiske) perspektiv for å bygge opp ein vilje og ei forståing av at fortsett demokrati og likeverd må friskast opp og utviklast generasjon etter generasjon. Maktsjuke og egoisme er skitne kjørel i ein oppvask som aldri tek slutt. Peter Wessel Zapffe sa på sin kanskje dystre måte at «Den dag vil komme da de som husker meg, er glemt». Vi står ikkje på toppen av historia, vi er ein del av den, og det skal komme folk etter oss òg.

Elles takk til Ragnhild Lied, som meir enn nokon annan kan svare på kva Lied-rapporten seier og ikkje seier. Eg takkar for at ho åtvarar mot å senke den faglege lista, både i studiespesialiserande og yrkesfaga. Dette er ei viktig utsegn:

«I Lied-utvalget fant vi ut at mange elever ikke er godt nok forberedt på arbeidslivet eller godt nok studieforberedt. Men det vi ønsket, var å styrke innholdet både i studiespesialisering og yrkesfagene, ikke å senke kravene. Jeg vil advare mot å senke lista for å flere gjennom skoleløpet.»

Om vi senker lista for å lære elevane på vidaregåande historisk kunnskap, for å få fleire gjennom vidaregåande, gjer vi dei faktisk mindre og ikkje meir studieførebudde. Om det er slik at ein vil ha ein høgare utdanning og ein godt betalt og meiningsfull jobb, bør ein faktisk vere innstilt på å arbeide systematisk med meir enn særinteressene sine. Vi veit jo som vaksne og, at den største tilfredsstillinga vi får, er når vi har arbeidd oss gjennom motstand og oppnådd noko vi kanskje ikkje trudde vi skulle få til. Guri Melby meiner at det er for mykje med 70 prosent obligatoriske fag på vidaregåande. Kanskje det er for lite.

Som sekstenåring veit du faktisk ikkje alt om kva du skal lære og om du kjem til å verdsetje det du lærer. Om vi senker lista og gjer det for lett å fullføre vidaregåande, flytter vi berre problemet vidare til universitets- og høgskulesystemet, som i sin tur må senke sine krav for å halde ved like produksjonen av studiepoeng. Vi må ha sjukepleiarar som kan å rekne mengde, dose, styrke. Vi må ha ingeniørar som kan avansert matematikk. Vi må ha dei beste av dei beste i viktige yrke som stiller høge krav til kunnskap, menneskelegheit, presisjon og innsikt.

Senker vi krava på vidaregåande for å sole oss i den politiske glansen av betre statistikk, gamblar vi med framtida for oss alle. Zapffe har diverre rett i at den dag vil kome då dei som huskar oss er gløymde, men det er eit stykke opp og fram. Vi kan godt reflektere litt meir over kva vi vil bli huska for til dess, og historia er vår felles hukommelse.

Vegen blir ikkje til mens du går.
Vegen var der i går.
Men du blir til mens du går.
Og det er den sjansen du får.

(Helge Torvund)

Powered by Labrador CMS