Elvebakken er ein av dei mest populære vidaregåande skulane i Oslo.

Ikkje snakk til meg om sosial utjamning

Debatt: Karakterbasert opptak er å svinge til høgre, uansett korleis vegen buktar seg.

Publisert

Karakterbasert opptak til vidaregåande utdanning er ein stor brems på alle ambisjonar om at skulen skal verke sosialt utjamnande. Å sortere i homogene elevgrupper gagnar eit straumlineforma mindretal som vil klare seg godt uansett.

Det vert sagt om ein av høgrestatsrådane at han har det med å blinke til venstre og køyre til høgre. Når det gjeld saka med karakterbasert skuleval, gjeld dette ikkje berre ein statsråd, men heile partiet. Eg har lese om att innlegga i debatten i rikspressa dei siste par-tre månadane, og ser at det er noko vi treng å minne kvarandre på. Kva er det grunnleggande motivet til dei som ikkje vil ha karakterbasert opptak? Eg freistar meg på ei skisse.

Slik det er no, reproduserer skulen ifølge statistikken framleis sosiale skilnader i stor monn. Lengda på bokhylla i barndomsheimen er som «alltid» avgjerande for kvar du hamnar i det vaksne arbeidslivet. Eller titlar i Kindle-arkivet, alt ettersom.

Grunnskulen fungerer framleis som ein sorteringsmaskin, der eksamen, eller «tid for sortering» heng som eit skrømt over heile utdanningsløpet. Når karakterkortet i tiande klasse er klart, får du vite kvar du hamnar på vidaregåande. Uansett kva nivå du er på, kan du rekne med å ende opp i ein langt meir homogen elevgruppe enn det du var i i grunnskulen.

For dei med dei beste karakterane er dette sjølvsagt heilt supert. Ein kan heve seg over røkla og allereie som sekstenåring reindyrke fellesskapet sin identitet og markere grensene mellom «oss og dei andre» med små og store markørar. Slik slepp jurist- og økonomborna å bli kjende med snikkarungane. Som snikkarunge sjølv ser eg klart føremona med denne sorteringa, men det er ikkje bra for limet i den store flokken at vi skal hamne i slike sosioøkonomiske båsar ved sekstenårsalderen.

Det er særleg elevane med dei svakaste karakterane dette går ut over. Som Simon Malkenes og andre som kjenner det vidaregåande skuletilbodet i Oslo frå «feil» side av Akerselva har lært oss, er det enkelte skular som kjenner meir på dei negative konsekvensane av dette sokalla «frie» skulevalet enn andre. Kultur for underyting har gode vekstvilkår i store og bråkete elevgrupper, slik at det er vanskeleg å yte sitt beste, nesten uansett ambisjonsnivå. I USA har det vore gjort forsøk med å flytte elevar frå område som slit til meir «vellukka» område, og det har vist seg at desse elevane har gjort det mykje betre på den nye skulen. Det gav sosial utjamning å gje elevane eit tilbod der dei var ein del av eit større læringsfellesskap med eit spenn i føresetnader som speglar det spennet av føresetnader vi ser i vaksenlivet. Det er grunn til å tru at det same vil gjelde for norske ungdomar.

Vil vi ha sosial utjamning, treng vi meir varierte elevgrupper. Ved å bruke konkurranseprinsipp eller marknadsmekanismer i utdanningsløpet, får vi ikkje ein sosial omfordeling eller integreringspraksis. I dei lågast presterande elevgruppene er det ofte ein sosial justis som gjer det ekstra krevjande å arbeide engasjert og målretta skulefagleg.Fritt skuleval er å velsigne samanklumping av elever som strever og å akseptere at ein stor del av ungdommane våre bruker viktige ungdomsår på å gå i negative sirklar. Konsekvensane er so store at eg på ekstra mistenksame dagar vurderer det til å vere ein ynskt situasjon. Det at det går dårleg med innvandrarungdommane våre, er jo for somme deler av det politiske spekteret heilt greitt, det held trass alt ved like det biletet ein treng for å argumentere mot å få fleire. Om vi vil desse elevane vel, treng vi tiltak som sprenger dei homogene miljøa og integrerer dei i mangfaldet. Til det skjer, aksepterer vi underyting og segregering som ein del av kvardagen vår. Opplæringslova er inntil vidare mot nivådeling. Fritt skuleval bryt dermed opplæringslova. Kan nokon sende avviksmelding?

Sigrun Gjerløw Aasland, fungerande leiar av Tankesmien Agenda, til Thomas Piketty, som hevdar at forteljinga om sosial likskap i Skandinavia er ein myte. Ho spør retorisk om vi tillèt at skilnadane aukar fordi vi trur at det ligg i naturen vår å ha små skilnader, uavhengig av politikk. Omfordelingspolitikk har lenge blitt utfordra av religiøs tru på marknaden og konkurransen. Denne trua har og gjort sin entre i skulepolitikken, som har gått i retning av sterkare sortering og konkurranse. Fellesskapet blir i den naive konkurransemyten framstilt som ein brems for individet, og eliten sin Weltschmerz over å menge seg med røkla er til å ta og føle på. Sosial utjamning, der figenschou-ane og abdullah-ane og nilsen-ane kan operere i same sosioøkonomiske rom, ja det hadde tatt seg ut!

Som det er no, fungerer skulen nivådelt, etter kjønn, klasse og etnisitet. Det du har klart når du er 16 år, skal bestemme resten av utdanningsløpet ditt. Alle politiske parti hevdar dei arbeider for sosial utjamning. Høgre si hovudvinkling er «Tidleg innsats», og eg vil sjølvsagt ikkje kimse av å sette inn ekstra ressursar tidleg i utdanningsløpet. Vi pussar diverre ikkje tennene ein gong for alle. Innsatsen må vare ved om vi vil oppnå reell sosial utjamning. Kanskje det er på tide med «sein innsats», som har den kritiske overgangen mellom grunnskule og vidaregåande i fokus. Fellesskulen har vore under press i mange år, og det ufrie ved karakterbasert opptak til vidaregåande kan ein og sjå på som ein trussel mot fellesskulen.

Fellesskulen, denne tapte visjonen. Ein skule der born og unge frå alle samfunnslag i eit mangfaldig fellesskap blir førebudde på vaksenlivet. Ein skule der kven som helst kan bli kva som helst ut frå ambisjonar og evner. Det vi ikkje kjenner, fryktar vi. Vi treng ein skule som gjer både oss og elevane kjende med det ukjende og som kan knuse fordommane vi måtte ha, ein for ein.

Når ein frå Høgre snakkar om sosial utjamning, er det å blinke til venstre. Karakterbasert opptak er å svinge til høgre, uansett korleis vegen buktar seg.

For at alle elevar skal bli sett og verdsett treng vi ein skule som er fargeblind, kjønnsblind og klasseblind, først då vert alle elevane sett. Det har vi ikkje i dag. Skulen vi har i dag, har nemleg altfor godt syn, og det karakterbaserte opptaket til vidaregåande skule fungerer mest som ei lupe for å sortere ut alle med skavankar som kan true den perfekte skulekvardagen til ein bitte liten elite frå dei høgaste samfunnslaga.

Powered by Labrador CMS