Elever i et klasserom ved Graf-Anton-Günther-Schule i den tyske delstaten Nieder-Sachsen sitter med god avstand under koronaepidemien.

Vil halde fram med koronaklassar med max 15 elevar

Også etter pandemien bør det ikkje vere meir enn femten elevar i klassen i dei fire lågaste klassetrinna, meiner tysk partileiar

Publisert

Janine Wissler leiar det tyske partiet Dei venstreorienterte (Die Linke). Ho meiner ungane har vore så nøgde med dei små klassane under pandemien at dei bør bli permanente, ifølgje fjernsynsstasjonen ZDF.

Wissler innrømmer at tilhøva ikkje ligg til rette for at dette kan skje umiddelbart. Lærarmangelen i Tyskland er for stor. Men partileiaren viser til at det er sett i gong eit stort program for meir lærarutdanning i alle dei tyske delstatane. Dette, saman med å gjere midlertidige tilsetjingar i skolen faste, vil gjere det muleg med små klassar for dei yngste, ifølgje Janine Wissler.

Powered by Labrador CMS