Ein politibil er parkert ved studentheimen i Sarkiniemi in Kuopio. Foto: Vesa Moilanen/Lehtikuva, AP

Slik bør lærarar snakke om valden i Kuopio

– Ikkje la samtalen om åtaket i Kuopio bli ståande fast i angst og redsle! Det er rådet spesiallærar Katja Vallinkoski gir finske lærarar før samtalen dei må ha med elevane.

Publisert Sist oppdatert

Ein person er død og ti er skada etter at ein mann i går gjekk til åtak på ein yrkesskole i Kuopio.

Katja Vallinkoski er doktorgradsstipendiat ved Helsingfors universitet underviser skolepersonale i korleis dei skal opptre når elevane spør om terroråtak eller skolemasakre, ifølgje Hufudstadsbladet.

Korleis arbeider politiet

Ho understrekar overfor avisa at barna må få gi uttrykk for uro og at dei må få vise kjensler. Men samtalen bør ikkje hake seg fast i gjerningsmannen og handlinga.

– Trekk heller fram korleis politiet arbeider, kor fort politiet var på plass og korleis skolane arbeider med tryggleik, seier ho.

I staden for å bruke ord som skolemassakre eller terrorhandlingar meiner Vallinkoski ein bør seie at det er brukt vald.

Rykte

Ei viktig side ved det arbeidet lærarane gjer i desse samtalane bør vere å stoppe rykte. Ryktespreiinga etter åtaket i går er alt stor, ifølgje avisa.

Ofte går det relativt lang tid før politiet går ut med hendingsforløpet. Dette bør vaksne vere svært merksame på, understrekar Katja Vallinkoski til Hufudstadsbladet.

Les også:

Powered by Labrador CMS