Barnehagelærarar i Frelsesarmeen er tatt ut i streik.
Barnehagelærarar i Frelsesarmeen er tatt ut i streik.

Ni barnehagelærarar er i streik

I kvar av dei tre byane Oslo, Stavanger og Porsgrunn er tre barnehagelærarar i streik, sjølv om dei allereie har høgare lønn enn det Fagforbundet krever i forhandlingane.

Publisert Sist oppdatert

Det er Fagforbundet som har tatt ut desse barnehagelærarane i streik. I alt har Fagforbundet tatt ut 81 personar i denne streiken, som starta 9. januar.

Barnehagelærarane som streikar arbeider i barnehagane til Frelsesarmeen i desse tre byane.

Private omsorgsverksemder

Verksemdene der det er streik, er private omsorgsverksemder der eigarane er medlem i NHO. Fagforbundet har inngått ein felles tariffavtale med ganske ulike arbeidsgivarar som er organiserte i same eining. Det er verksemder som, i tillegg til barnehage, driv privat omsorg innanfor felt som rus, barnevern, psykiatri, pleie og omsorg. Forhandlingane i denne gruppa er blitt kalt «oppsamlingsheatet» i sjargongen i Fagforbundet.

Nå streikar Fagforbundet for at medlemmene i desse verksemdene skal få same lønn som tilsette i tilsvarande funksjonar i offentlege tiltak. For dei med treårig høgskoleutdanning er sjukepleiarane i offentleg teneste ein målestav.

Tilfredsstiller streikekravet

I alt 33 av dei 80 som er i streik, arbeider i barnehagane til Frelsesarmeen. I Frelsesarmeen har alle tilsette ei lønn som tilfredsstiller streikekravet.

– Kvifor streikar dei som har lønn på nivå med streikekravet?

– Den lønna desse har, er sikra i lokale lønnsavtalar, seier leiaren av forhandlingavdelinga i Fagforbundet, Tone Faugli.

– Dette er ein streik for den sentrale avtalen. Vi ser ikkje på dei lokale avtalane når vi tar ut til streik for dei sentrale avtalane, understrekar ho. Samtidig seier Faugli at streikeuttaket må vere slik at streiken ikkje truar liv og helse.

Ifølgje Annette Gilbrant, som er leiar for barnehagane i Frelsesarmeen, er det femti barn som ikkje kjem i barnehagen på grunn av streiken.

Svært uroleg

– Vi respekterer spelereglane i arbeidslivet. Sidan våre arbeidstakarar har lønn som tilfredsstiller streikekravet, ser eg på dette som ein solidaritetsstreik, seier ho.

Samstundes vedgår ho at ho er svært uroleg over konsekvensane av ein barnehagestreik midt under ein pandemi.

– Små barn og familiane deira får ikkje den oppfølginga dei treng. Dette er svært dramatisk, seier Annette Gilbrant til Utdanningsnytt.

Pensjon

Når det er Fagforbundet som forhandlar lønna til barnehagelærarane, er det avdi dei er medlem der. Dei kan i prinsippet også vere medlem i Utdanningsforbundet. Men Utdanningsforbundet har ikkje avtale med NHO. Om barnehagelærarane er medlem av UDF, må dei difor vere dobbeltmedlem med ein organisasjon som har avtale for å vere med i ein kollektiv tariffavtale.

– Vi har ennå ikkje avtale med NHO for barnehagelærar, stadfestar nestleiar i Utdanningsforbundet Terje Skyvulstad.

Grunnen er at NHO ikkje vil skrive sentrale pensjonsavtalar.

– Og vi skriv ikkje avtale utan pensjon, understrekar nestleiaren.

Samtidig lar han det skine gjennom at UDF er innstilt på vurdere å finne ei løysing for å kunne forhandle med NHO for barnehagelærarar.

UDF har ein avtale med NHO for lærarar.

Når Fagforbundet har inngått avtale med NHO utan sentral avtale om pensjon er det ifølgje Tone Faugli for å kunne forhandle. Dessutan gir det rett til AFP.