Barnehagematen blir undersøkt
Sosial- og helsedirektoratet vil starte ei kartlegging av kva type mat som blir servert i norske barnehagar. 3000 barnehagar skal vere med i undersøkinga.
Det er ingen overordna retningsliner for kva mat barnehagane bør servere, og mange etterlyser dette ifølgje NRK. Norske fireåringar får i seg 20 kilo sukker i året. Norske styresmakter er svært uroa over sukkerinntaket til norske born, og avdelingsdirektør Arnhild Haga Rimestad i Sosial- og helsedirektoratet trur det er viktig at noko blir gjort straks.
Styrar ved Kirsebærjordet barnehage i Oslo, Stine Fritz Hals, seier dei gjerne vil servere meir frukt og grønt til borna, men at særleg frukt er svært dyrt i forhold til mange av dei søtare matvarene.
(kr)