Berre ein gong har eit fylkesmannsembete nytta det nye høvet til å utføre tilsyn i ein einskild barnehage, ifølgje Utdanningsdirektoratet. Ill. foto: Erik M. Sundt
Berre ein gong har eit fylkesmannsembete nytta det nye høvet til å utføre tilsyn i ein einskild barnehage, ifølgje Utdanningsdirektoratet. Ill. foto: Erik M. Sundt

Fylkesmenn gjer ikkje eigne barnehagetilsyn

Eitt år etter at barnehagelova vart endra og gav fylkesmennene rett til å ha tilsyn i einskildbarnehagar, kjenner Utdanningsdirektoratet til at eitt slikt tilsyn er utført.

Publisert

Rådgjevar Åse-Berit Hoffart i Foreldreutvalet for barnehagar er langt frå overtydd om at dette tyder at det ikkje er behov for at fylkesmennene gjer fleire tilsyn.

– Eg spør meg om grunnen til at det berre er opna eitt tilsyn frå fylkesmannsembetet, er at lova ikkje er godt nok kjent. Generelt er manglande kjennskap til lovverket ein gjengangar når vi gir råd i barnehagespørsmål, seier Hoffart.

 

I tillegg til kommunale tilsyn

Lovendringa i barnehagelova kom 1. august 2016. Den gav fylkesmannen rett til å opne tilsyn ved «særskilde tilfelle», som det heiter i lovteksten.

Fram til da var det berre kommunane som kunne ha tilsyn i einskildbarnehagar.

– Det var ikkje tilfredsstillande. Fleire instansar må kunne gjere tilsyn. Difor var lovendringa viktig, seier Hoffart.

Ordninga med at berre kommunane kunne føre tilsyn, vart mellom anna kritisert av di det, særleg i små kommunar, lett vart til at bukken passa havresekken. Kommunen fekk ei uheldig dobbeltrolle som både barnehageeigar og som tilsynsmynde.

 

Uklar tolking av «særlege tilfelle»

Tilsynsavdelinga i Utdanningsdirektoratet sende 11. august ut eit brev og eit skjema der dei ber fylkesmennene registrere tilsyn etter dei nye reglane.

– Men i dag kjenner eg berre til eitt tilfelle av at det er opna slikt tilsyn, seier fungerande avdelingsdirektør Anna Beskow til Utdanning.

Ho understrekar at fylkesmennene kan ha gjort undersøkingar omkring einskildbarnehagar, mellom anna henta inn informasjon, utan at det er opna tilsyn. Dette har ikkje direktoratet oversikt over.

I forarbeidet til lova vart det trekt fram at det kunne vise seg vanskeleg å få ei felles forståing om kva «særlege tilfelle» var. Med andre ord når fylkesmennene kunne opne tilsyn.

 – Dette har vi tatt opp når vi har hatt samlingar om barnehagar for dei tilsette hos fylkesmennene, seier Anna Beskow.

 

– Kommunane har framleis hovudansvaret

– Lovheimelen er viktig, det er bra vi har han, seier seniorrådgivar Kari Smith-Meyer hos Fylkesmannen i Østfold.

Samstundes understrekar ho at det framleis er kommunane som har hovudansvaret for å føre tilsyn med barnehagane i eigen kommune.

– Oppslag i aviser eller kontakt frå foreldre kan gjere oss merksame på «særskilde tilfelle», som er det lovteksten seier kan gi Fylkesmannen rett til å utføre tilsyn. Vi drar ikkje på tilsyn til einskildbarnehagar utan vidare, seier ho.