Albert Åberg utvist frå barnehagar i Malmø

Barnehagar i den svenske byen Malmø får ikkje vise filmen "Albert og udyret" for barnehagebarna. Det har kommuneleiinga bestemt.

Grunnen er at eit barn ifølgje foreldra vart svært redd av filmen, og hadde mareritt ei heil veke etterpå, skriv avisa Sydsvenskan.

- Barnehagen viser alt for mye film utan pedagogisk grunn. Denne filmen passar ikkje for små barn, det er for mye vald og skrekk i filmen, skriv foreldra i ein klage til kommunen.

Det fekk kommunen til å forby barnehagane i byen å vise filmen. Samtidig får barnehagane pålegg om å informere foreldra om dagens aktivitetar på ei tavle ved inngangen.

Pelle Svensson har tidlegare vore kulturpolitikar i Malmø kommune. Det var også han som filma denne filmen for 25 år sidan.

- Det er ikkje berre gulliggull i Albert Åberg-bøkene. Både bøkene og filmane bearbeidar den verda barna lever i, seier han til Sydsvenskan.

I denne filmen er Albert slem mot ein annan gut. Etterpå har Albert mareritt. Det gir seg ikkje før han får sagt unnskyld.

Powered by Labrador CMS