Vil ha seniortiltak for barnehagelærarar

Seniortiltaka som fylkesårsmøtet i UDF Møre og Romsdal vil ha, er meint å redusere litt på dei tyngste og mest slitande oppgåvene.

I eit samrøystes vedtak ber årsmøtet om at det i samband med reforhandlinga av arbeidstidsavtalane for lærarar i barnehagar vert innarbeidd seniortiltak i form av omfordeling av arbeidsoppgåver som skal lette arbeidstilhøva for eldre arbeidstakarar – og dermed bidra til at dei står lenger i jobb.

 

– Går over i andre stillingar

Framlegget til vedtak kom frå Ørsta lokallag, og hovudtilltsvalt Orlaug Bjørdal Kårstad og Stine Mari Digernes, barnehagelærar i Barnas Vel barnehage i Ørsta, grunngir framlegget slik:

– Å arbeide som barnehagelærar er krevjande, og både fysisk og psykisk slitsamt. Tempoet er høgt og slitasjen stor. For å få flest mogleg til å stå lenge i yrket, vil det vere ein føresetnad at ein kan leggje til rette for at det kan vere råd å tilpasse arbeidsoppgåvene.

– I vår kommune ser vi at svært mange av barnehagelærarane etter kvart går over i andre stillingar, eller ønskjer å arbeide i reduserte stillingar. Dette fortel oss at det er krevjande å arbeide i barnehage når ein nærmar seg senioralder. Samtidig er dette folk med lang erfaring og mykje kompetanse, som det er viktig å behalde i barnehagane, seier Kårstad og Digernes.

 

– Redusere litt på dei mest slitande oppgåvene

Senioravtalane i skuleverket trer i kraft etter fylte 57 år, og er tiltak som også kan nyttast i barnehagane, meiner dei.

– Å redusere litt på dei tyngste og mest slitande oppgåvene, og få andre og mindre belastande oppgåver vil utan tvil kunne vere med på å få fleire til å halde ut lengre i yrket, seier Kårstad.

I debatten vart det lagt vekt på at dette, til skilnad frå ofte generelle formuleringar om å løfte barnehagefeltet, er eit heilt konkret forslag til korleis ein kan betre arbeidstilhøva for ei viktig gruppe i barnehagefeltet.

Eit samrøystes vedtak vart sendt over til sentralstyret for vidare handsaming.

Powered by Labrador CMS