Éi bøtte med store steinar – éi bøtte med små. Éi bøtte som er tung – éi som er lett. Barna ved Daggry barnehage på Valderøy får med seg viktige omgrep når dei leikar i fjæra. F.v. Andrine Alnes Dyb, Fride R. Sæther og Guro Folde. Foto: John Roald Pettersen

Daggry barnehage har realfag i fjæra

Kva erfaringar bør ein toåring få del i når det gjeld fagområdet natur, miljø og teknikk? Eller ein femåring? I Daggry barnehage har dei laga ei progresjonstrapp for kvart fagområde.

Vi er i fjæra på Valderøya, i Giske kommune på Sunnmøre. Fireåringane er i sitt ess. Her er sand, her er tang, her er skjel, her er fine steinar. Og kanskje ein bitte liten krabbe under ein stein?

Dette er spalten Mitt tips som først var publisert i Utdanning nr.5 / 2016

Hele utgaven leser du elektronisk her

 

Kari-Lise Nordstrand

Styrar i Daggry barnehage, Valderøy.

Aktuell: For å sikre læring på ein variert og systematisk måte nyttar barnehagen ei «progresjonstrapp» for kvart fagområde i rammeplanen.

 

Realfag i barnehagen

  • Daggry barnehage: Privat barnehage på Valderøy, Giske kommune. 3 avdelingar, 59 barn, 22 tilsette (heiltid/deltid). Ny barnehage er prosjektert, styrar håper den vil stå ferdig sommaren 2017.
  • Progresjonstrapp: Barnehagen har formulert eit sett av mål for kvar aldersgruppe og kvart fagområde i rammeplanen – «Dette skal barn få erfaring med». Progresjonstrappa bygg på eit heilskapleg læringssyn, og har leik, læring og sosialt samspel som viktige element.
  • Tett på realfag: Kunnskapsdepartementet sin strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringa (2015-2019). Giske kommune vart etablert som ein av 34 realfagskommunar ved oppstart i 2015.

Ein tur i fjæra femner om det meste av det som er viktig i barnehagen, tenkjer dei i Daggry barnehage: Både sosialt samspel, leik og læring med heile kroppen og alle sansar. Og sidan barnehagen er ein del av den nasjonale strategien for realfag, Tett på realfag, blir det også eit godt døme på kva realfag kan handle om. Samtidig er det eit døme på korleis Daggry barnehage si progresjonstrapp fungerer.

– Vi utvikla for nokre år sidan det vi kallar ei progresjonstrapp for kvart fagområde, ei oversikt over kva erfaringar vi meiner det er viktig at dei ulike aldersgruppene i barnehagen får. Dette gjer at vi sikrar at vi held det vi har lovt barna, foreldra og kvarandre, og sikrar at vi går mot eit felles mål i barnehagen. Samtidig får vi dokumentert det vi gjer. Så erfaringane våre med å ha slike progresjonstrapper er svært gode, seier styrar Kari-Lise Nordstrand.

 

«Skal få erfaring med»

Progresjonstrappene vart utvikla i samband med eit felles prosjekt som alle barnehagar og skular i Giske gjennomførte for ei tid tilbake. Dei konkrete punkta i Daggry sine trapper var det arbeidsgrupper i barnehagen som formulerte. Personalet tok for seg eit og eit fagområde, vart einig om kva dei meinte kvar aldersgruppe burde få erfare, og har i ettertid jobba etter dette.

 

Eit døme: I progresjonstrappa for natur, miljø og teknikk heiter det at eitt- til toåringane mellom anna skal få erfaring med:

  • å oppleve naturen med alle sansar
  • å bevege seg i ulendt terreng; bakke, tuer, steinar, sand ...
  • leik med vatn, is og snø
  • leik med naturmaterialar
  • å få undre seg over livet i naturen saman med vaksne

(utdrag frå progresjonstrappa).

 

For femåringane heiter det at dei i tillegg til det som er nemnt for gruppa eitt til to år, to til tre år og fire år, mellom anna skal få erfaring med:

  • ver og klima
  • få innsikt i samspelet i naturen
  • kjenne til namn på nokre av dei vanlegaste smådyr, fuglar, insekt med meir
  • kunne bruke enkle digitale verktøy, leite på nettet etter fakta med meir
  • å bruke kniv til spikking med meir

(utdrag frå progresjonstrappa).

 

Heilskapleg læring

– Alt dette botnar i barnesynet som vi bygg verksemda vår på, der vi slår fast at god læring er det same som heilskapleg læring. Det betyr for oss samanheng i læringa frå barnehage til avslutta skolegang, det betyr tverrfagleg læring, og det betyr at barn får lære gjennom opplevingar og refleksjon, seier Nordstrand.

Det handlar også om at barna får tilpassa læring ut frå sin ståstad og sitt utviklingsnivå, understrekar ho.

– Er det ikkje fare for at progresjonstrappa lan låse aktivitetane i barnehagen?

– Progresjonstrappa skal ikkje fungere som ein stram plan eller ei tvangstrøye. Ho skal fungere som ei støtte i kvardagen og eit bidrag til å følgje ein raud tråd i det pedagogiske arbeidet, som saman med jamlege oppsummeringar og refleksjonar i personalgruppa gjer at vi får gjort det vi skal, seier Kari-Lise Nordstrand.

 

Powered by Labrador CMS