Fleire menn arbeider i barnehagane

Talet på mannlege pedagogiske leiarar i barnehagane er dobla mellom 2007 og 2015.

Publisert

Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå. I 2015 var det 2000 pedagogiske leiarar i barnehagane. Dermed er i alt ni prosent av alle pedagogiske leiarar menn.

Omkring 500 menn er styrarar i barnehagar. Dette talet har vore stabilt dei siste ti åra.

Den største gruppa av menn i barnehagane er assistentar. 11 prosent av alle assistentar i barnehagane var menn i fjor. I alt har delen av barnehagetilsette som er menn auka frå 7 til 11 prosent sidan 2007.

29 prosent av styrarane og dei pedagogiske leiarane hadde førskolelærarutdanning. Dette er ein auke på to prosent frå året før. Fem prosent av styrarane og fire prosent av pedagogane hadde anna pedagogisk utdanning enn førskolelærarutdanning.