Sterkt engasjement for å gjenreise Høgskolen i Nesna

Debatt: Utdanningsinstitusjonar i distrikta er avgjerande for å demme opp for den aukande sentraliseringa.

Publisert

Kunnskapsminister Henrik Asheim held fram med sin kamp mot det som er gamaldags. Sp og Ap er veldig gamaldagse i si tilnærming, seier Asheim i Khrono, 08.06.21 og han legg til: «Den forelskelsen i å ha bygninger over alt, syns jeg er litt spesiell.»

Nord universitet sitt vedtak om å legge ned Campus Nesna har ført til eit sterkt engasjement på Helgeland for å gjenreise Høgskolen i Nesna og vidareføre den hundreårige tradisjonen for høgare utdanning.

Denne kampen omfattar den flotte bygningsmassen som finnes på Nesna og som statsråd Asheim har gjort vedtak om skal leggast ut for sal. Situasjonen på Helgeland eller i Nordland er ikkje akkurat slik at det er «bygninger over alt» som er tilrettelagt for høgare utdanning.

Arna Meisfjord.

Bygningsmassen på Nesna representerer ei spesiell utdanningspolitisk historie av lokal, regional og nasjonal verdi. Det såkalla Gamlebygget frå 1921, er historisk og bygningsteknisk unikt. Det var arkitekt Lars Solberg frå Trondheim, som teikna bygget. Det er svært få slike store og særmerkte trebygningar frå denne tida i Nord- Noreg.

Dei fleste slike bygg vart brent under andre verdskrig. Arkitektonisk representerer den samla bygningsmassen ei spesiell historie, med signalbygg frå ulike tidsbolkar i norsk utdanningshistorie, med rektorbustaden frå 1860-tallet, Gamlebygget frå 1920-talet, formingsbygget frå 1960-talet, bygg frå 1980-talet og 2000-talet.

Det siste nybygget stod ferdig i 2006, med bibliotek, servicetorg, kantine og auditorium.

Bygningsmassen er renovert og har i dag alle spesialrom som er nødvendige for lærar- og barnehagelærarutdanning, slik som naturfag, musikk, kunst og handverk, drama, idrettshall og symjebasseng.

Kunstsamlinga representerer ei av dei største offentlege kunstsamlingane på Helgeland og her har barn og unge fått møte kunstuttrykk som dei elles ikkje ville fått oppleve, om det ikkje var for at denne høgare utdanningsinstitusjonen hadde sine bygningar her.

Statlege institusjonar, med sine signalbygg og kulturaktivitetar, har vore sentrale i nasjonsbygginga, og Høgskolen i Nesna har vore sentral for å trekke periferien og Distrikts-Noreg inn i nasjonsbygginga. (Haukland, 2018: Lærarutdanninga på Nesna 1918-2018)

Ein bygningsmasse og ein sjølvstendig institusjon for høgare utdanning handlar om mykje meir enn den delen av verksemda som kan formidlast på nett.

Både Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet understrekar at utdanningsinstitusjonar ute i distrikta er avgjerande for at det skal vere mogleg å demme opp for den aukande sentraliseringa. Det er særleg tre faktorar som gjer at høgare utdanningsinstitusjonar lokalisert i distrikta har ein særleg viktig funksjon i å styrke busettingsmønsteret, i tillegg til formidling av utdanningstilbod.

  • For det første gir ein sjølvstendig institusjon eit fagmiljø knyta til institusjonen. Ungdom utdanna frå distrikta kan finne seg ein jobb som gjer det mogleg å bu utafor dei store byane. Det er særleg offentlege arbeidsplassar som er mangelvare i distriktskommunar. Difor har etablering av høgare utdanningsinstitusjonar eit særleg potensiale til å skape meir mangfald i arbeidsmarknaden.
  • For det andre vil ein institusjon ha den administrative krafta og kompetanse som skal til for å ta initiativ til samhandling med lokalsamfunn og næringsliv, som gjer det mogleg å utvikle stadig nye tilbod som det er behov for lokalt, regionalt og nasjonalt. Ein slik institusjon kan samarbeide med andre høgare utdanningsinstitusjonar, nasjonalt og internasjonalt og slik bygge nettverk.
  • For det tredje vil eit utdannings- og forskingsmiljø lokalisert til distrikta, kunne initiere forskings- og utviklingsarbeid i samarbeid med både offentleg og privat sektor. Dette punktet er viktig med tanke på utvikling av heile landet, særleg med tanke på det grøne skiftet. I prosjektrapporten Framtidens distriktsskole, initiert av næringsaktør Aino Olaisen frå Lovund på Helgeland, blir behova for ei lærarutdanning tilpassa distriktsskolen analysert.

Sentralisering av lærarutdanninga har ført til at lærarutdanningane er tilpassa dei store skolane, og med nedlegging av allmennlærarutdanninga har vi inga lærarutdanning som svarar til behova i distriktsskolen. Vi treng med andre ord å desentralisere frå fleire ulike sentrum. Gjennom å etablere høgare utdanningsinstitusjonar i distrikta kan vi skape kunnskapssentrum som gir grunnlag for forskings- og utviklingsarbeid utafor dei store byane.

I rapporten Framtidens distriktsskole blir dei moglegheitene som ligg i den digitale teknologien drøfta med tanke på korleis vi kan nå FN sine bærekraftmål og korleis vi kan snu den uheldige sentraliseringa. Eit viktig tiltak i så måte er å gjenreise Høgskolen i Nesna med eit nasjonalt ansvar for utdanning i eit distriktsperspektiv. Dette er ikkje gamaldags, det er ein framtidsretta politikk i tråd med dei perspektiva som finns i dei nyleg leverte rapportane frå Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet.

Powered by Labrador CMS