Jens Vik (t.v) og rektor Paul Ivar Pedersen.

Lærar innvilga partsrettar i klagesak frå elev

Debatt: Når forvaltninga sviktar, kven skal då gripe inn ?

Publisert Sist oppdatert

Utdanningsdirektoratet overprøvde fylkesmannen i Møre og Romsdal si vurdering om partsrettar i klagesak etter opplæringslova paragraf 9A-5. Etter to avslag frå fylkesmannen gjekk saka til Utdanningsdirektoratet, som ga læraren medhald.

Utdanningsforbundet finn grunn til å stille spørsmål om korleis fylkesmannen jobbar i slike saker. Når fylkesmannen får saka tilbake, bør dei då melde seg ugild til å handsame same sak på nytt?

Atle Måseide sin kronikk i Sunnmørsposten 6. januar belyser slike saker på ein interessant måte. Her kjem han med refleksjonar på eit svært aktuelt tema i skulen i dag, den såkalla «mobbeparagrafen», opplæringslova § 9A.

Utdanningsforbundet vil presisere at vi sjølvsagt er samde i at om ein tilsett verkeleg har krenka ein elev, så skal det få konsekvensar. Men vi er redde for at det vert både «tiltale og dom» utan at vedkomande er gitt rett til å forsvare seg sjølv. Det er ikkje ein rettsstat verdig.

Å verte skulda for å ha krenka ein elev, er i seg sjølv ei stor belastning. Endå større vert belastninga når ein får vedtak frå Fylkesmannen som slår fast at ein er «ein krenkar», utan at ein er gitt høve til å kunne imøtegå dei påstandane som er framsette.

Dei færraste toler å stå i slike saker, ofte endar det med sjukmelding og avslutting av ein yrkeskarriere.

Utdanningsforbundet meiner at den nye lova er eit godt verktøy for å sikre alle elevar trygge og gode læringsmiljø. Ei av målsetjingane har vore å senke terskelen for å melde frå om mobbing slik at ein kan få alle saker fram i lyset. Likevel ser vi at der er element i lova som har vist seg å ha utilsikta negative konsekvensar. Dette påpeikar også Måseide på ein god måte i sin kronikk. Vi ser, og har også erfart, at nye deler av lova utfordrar lærarane sitt rettsvern og arbeidsmiljø.

Endå større vert belastninga når ein får vedtak frå Fylkesmannen som slår fast at ein er «ein krenkar», utan at ein er gitt høve til å kunne imøtegå dei påstandane som er framsette.

- Gerd B. Brattli og Orlaug B. Kårstad om Jens Vik-saka

Måseide siterer lova slik: «Den ansatte skal ikke stille spørsmål ved den krenkede elevs subjektive opplevelse. Det foreligger en krenkelse om en elev føler det slik». Han skriv vidare: Ordlyden i paragrafen utelukkar retten til motsegn frå den som blir skulda for krenking.

Når forvaltninga sviktar, kven skal då gripe inn?

Måseide hevdar at «mobbeparagrafen» kan innebere ei bjørneteneste overfor elevane. Når det er eleven som heilt og fullt har definisjonsmakta over når dei er krenka, er det svært vanskeleg å hjelpe eleven med å sjå seg sjølv frå andre sin synsstad og dermed kunne korrigere åtferd. Dette viser Måseide på ein truverdig måte, vi kjenner oss igjen i det biletet han skildrar.

Læraren er gjennom ordlyden i opplæringslova fråteken retten til å kunne forsvare seg sjølv, noko som i seg sjølv er brot på eit viktig prinsipp i ein rettsstat. Når ein elev skuldar ein vaksen i skulemiljøet for krenking, skal det straks meldast til skuleeigar.

Skulen skal så treffe tiltak som skal sikre eleven eit trygt skulemiljø. Dersom elev/foreldre ikkje er nøgde med tiltaka som vert sett i verk, kan dei klage til fylkesmannen. Fylkesmannen skal så gjennom vedtak avgjere om skulen har brote Opplæringslova.

Framleis utan at læraren det gjeld er gitt høve til å forsvare seg. Den tilsette kan be om partsrettar i saka. Det er det også fylkesmannen som avgjer. Vår oppleving er at det sjeldan vert imøtekome. Ofte stoppar saka her. Dette meiner vi er alvorleg.

Når så Utdanningsdirektoratet overprøver Fylkesmannen sitt vedtak, forstår vi dette som ei irettesetting. Då blir det litt enkelt at Fylkesmannen kort og godt berre erklærer seg sjølv som habil i same sak.

Når forvaltninga sviktar, kven skal då gripe inn?

Powered by Labrador CMS