Vi krev ein avtale som definerer leseplikta til lærarar i vaksenopplæringa / språksentera

Utdanningsforbundet Voss krev at KS og Utdanningsforbundet får på plass ein avtale som definerer leseplikta til lærarar i vaksenopplæringa / språksentera. SFS2213 som omtalar leseplikt har utelat denne gruppa lærarar i avtalen.

Slik det er no, har dei aller fleste kommunar same leseplikt som norsklærar på ungdomstrinnet, 21,2 t.  Nokre få kommunar har innført auka leseplikt.  Me er bekymra for kva som kan skjer vidare. Ei ytterlegare forverring for lærarar i vaksenopplæring ? Me meiner at det er uhaldbart at leseplikta ikkje er lik i alle kommunane i landet.

"Særavtale om særskilte lønns- og arbeidsvilkår i voksenopplæringen" som regulerte arbeidstida til lærarar i vaksenopplæringa / språksentere vart tatt bort, utan at innhaldet der vart erstatta i nytt avtaleverk.  Slik det er no er det ingenting i avtaleverket som tilseier at skuleeigar ikkje kan auke leseplikta ytterlegare. 

 

Utdanningsforbundet Voss støttar landsmøtevedtaket frå 2015 som seier at «Kvaliteten i voksenopplæring etter introduksjonsloven må sikres ved at lærere får en årsramme for undervisning som for norsk i ungdomsskolen», og krev at dette vert forhandla inn i den nye avtalen i haust.

Powered by Labrador CMS